Arnfinn Haga (82) er aktuell med boka «Jaget av Gestapo». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Arnfinn Haga - «Jaget av Gestapo»

– Flukta var dels eventyrleg, seier Haga om handlinga i hans bok nummer 37 (!) om okkupasjonstida.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Forfattar Arnfinn Haga (82) er i desse dagar aktuell med ny bok, «Jaget av Gestapo», som fortel om flukta til fem motstandsfolk, som etter angiveri i Bergen kom seg vidare til Bømlo, Bremnes og Moster.

«Det ble det største enkelttapet i shetlandsbasens historie» skriv forlaget, Cappelen Damm, om motorkutteren «Blia» sitt forlis. 

– Dette er bok nummer 37 frå mi hand med emne frå okkupasjonstida, seier Arnfinn Haga til Midtsiden.

Førre bok, «Vår mann på kysten», kom i 2016.

– Gav mest meining for meg

Arnfinn Haga er utdanna lektor og var med og starta Os Gymnas, der han arbeidde frå 1966 til 1975. Han gav ut si første bok, «Det regner i fjellet», i 1974. Frå 1975 til i dag har han jobba fulltid som forfattar, i hovudsak om okkupasjonstida i Noreg under andre verdskrig.

– Eg har skrive nokre få bøker utanom, ein biografi om skodespelar Eva Berg og spenningsroman, men eg fann fort ut at det som gav mest meining for meg var å bruka tida mi på å berga stoff frå denne tida.

I 2003 blei Haga tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull for sitt forfatterskap.

– Midt på 70-talet var det fleire om framleis levde av dei som hadde vore med på dei mest spennande opplevingane under krigen, seier Haga, som sjølv var fire år då tyskarane okkuperte Noreg.

Eventyrleg flukt og «folkeslag»

I den nyaste boka fortel Haga om fem personar som hausten 1941 makta å flykta frå Bergen, dels på eventyrleg vis, etter at ein omfattande motstandsorganisasjon vart rulla opp etter angiveri.

Dei fem fekk god hjelp av ein effektiv eksportorganisasjon i Bergen, som dirigerte flyktningane til det som i dag heiter Bømlo kommune, men som den gongen var delt i tre kommunar: Bømlo, Bremnes og Moster.

– Særleg dei to fyrste okkupasjonsåra vart ikkje minst Bremnes ein svært viktig mellomstasjon for folk som prøvde å berga seg over til England. Eg legg vekt på å visa korleis dei hemmelege kanalane gjekk og korleis sambandet var mellom dei som stakk ut fluktrutene til øyane og dei som derifrå la til rette for ferda vidare.

– I dag kan me slå fast at her til lands skal det vanskeleg gjerast å finna maken til innsats som den bremnesingane og grannane deira i sitt slag stod for, me kan mest seia samla. Dei som ikkje deltok direkte i verksemda, visste å teia om det dei såg. Fylgjene for ein del av av dei impliserte var at dei sjølve måtte ta Nordsjøen fatt.

Hausten 1941 vart særleg krevjande, fyrst og fremst på grunn av opprullingane i Bergen.

– Gjennom dei fem flyktningane har eg samla meg om den hausten, seier Haga, som sjølv har hatt samtalar med nokre av dei fem for ei tid tilbake.

Dette skriv forlaget, Cappelen Damm, om boka:

Opprullingen av Stein-organisasjonen i Bergen i 1941 er en av de store provokatørsakene fra krigen. Flere av de impliserte kom seg unna på eventyrlig vis - for noen endte det godt, for andre ikke. Dette er beretningen om hvordan selve flukten artet seg. Motorkutteren «Blia» kom fra Shetland for å hente en agent, men forliste med vel førti personer om bord. Det ble det største enkelttapet i shetlandsbasens historie.

Boka er, som tittelen tilseier, på bokmål. Den òg ute som e-bok.

Frå éi bok til den neste

Samtalar og intervju til éi bok har sett han på sporet av nye bøker. Studie av litteratur i Riksarkivet og i Norsk Hjemmefront Museum har vore gode kjelder.

– Det kan bli fleire bøker, men eg har ikkje noko å skriva på nett no. Vi får sjå om eg får ein lys idé. Det har stadig dukka opp tankar om historiar eg kjenner litt til frå før, som har vore verdt å gå i djupna på.

Fleire saker