Bjørnafjorden kommune | 11. feb. 2023

Arrangerer fakkeltog

Sånn vil Bjørnafjorden kommune markera eittårsdagen for invasjonen av Ukraina.

Arrangerer fakkeltog
Julia Tveit, leiar i Den Ukrainske Foreining i Bjørnafjorden kommune og ordførar Trine Lindborg inviterer til solidaritetsmarkering for folket i Ukraina. (Foto: Erik Vangsnes
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. feb. 2023 07:31

«365 dagar med motstand - saman for Ukraina» er tittelen på den planlagde soldaritetsmarkeringar over heile landet fredag 24. februar, eittårsdagen for krigsutbrotet i Ukraina.

Lokalt inviterer Den Ukrainske Foreining i Bjørnafjorden kommune til fakkeltog på Osøyro. Det blir appellar og høve til å visa solidaritet og støtte til det ukrainske folket.

– Det blir frammøte ved sanitetshuset Kløvertun frå klokka 17.30. Her blir det oppstilling av tog og sal av faklar. Fakkeltoget startar å gå kl 18.00 og ruta vil vera via Landboden og Torggata til Vognhallen, fortel kultursjef Erik Vangsnes i ei pressemelding.

Ved Vognhallen blir det samling i friluft under tak med kulturinnslag og appellar frå m.a. ordførar Trine Lindborg og leiar for Den Ukrainske foreining i Bjørnafjorden kommune, Julia Tveit.

– Alle som ønsker å visa si støtte og solidaritet med det krigsherja folket i Ukraina, er hjarteleg velkomne til vera med på markeringa.

Julia Tveit fortel at foreininga er open for medlemskap frå nordmenn som ønsker å støtta arbeidet deira.

Arrangementet 24. februar er eit samarbeid med andre lokale organisasjonar og Bjørnafjorden kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.