Lokal | 23. sep. 2020

Årsaka uklar - førarkortet beslaglagt

Førarkortbeslag etter ulykke og bilførar utan førarkort.

Årsaka uklar - førarkortet beslaglagt
Politiet har tatt beslag i førarkortet til kvinna som køyrde denne bilen. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 23. sep. 2020 07:12

Like før klokka 12.25 i går var det ei trafikkulykke på Moberg.

Ein bil køyrde utfor vegen og inn i ein stolpe ved fotgjengarfeltet på staden.

Vitne på staden fortalde til Midtsiden at to bilar, i kvar sin retning, hadde stoppa for fotgjengar med barnevogn, som skulle kryssa gangfeltet.

Så kom ein tredje bil, retning frå Os mot Moberg, og oppdaga noko seint at det var stopp ved fotgjengarfeltet.

Bilførar vart frakta til legevakt for sjekk.

Har teke beslag i førarkortet

Politioverbetjent ved Os Lensmannskontor, Anne Lyssand, kan i dag fortelja at det er tatt beslag i førarkortet til bilførar, ei kvinne i 70-åra.

– Saka er framleis under etterforsking, og det er framleis uklart kva som var årsaka til ulykka.

Utan førarkort i sentrum

Rundt klokka 10.30 i går formiddag vart ein bilførar stoppa av politiet si patrulje i Os sentrum.

Mannen, som er i seint tjueåra, hadde ikkje gyldig førarkort.

– Det er oppretta sak, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.