Sport | 21. jan. 2013

Årsbeste i Noreg!

Målfrid Pettersen Lunde sprang laurdag 800 meter på 2.21.78. Tida er årsbeste i Noreg for jenter 16. - Eg hadde ikkje trudd det skulle gå så fort.

Årsbeste i Noreg!
Målfrid Pettersen Lunde satte årsbeste i Noreg med 2.21.78 i Leikvanghallen laurdag (foto: Tom Roger Johansen, kondis.no)
Andris Hamremandag 21. jan. 2013 18:56

Laurdag sprang Målfrid Pettersen Lunde 800 meter innandørs i Leikvanghallen i Åsane mot fjorårets største konkurrent Elina Drivenes. Løpet blir av kondis.no omtalar som dagens høgdepunkt.

- Eg har vore ute med ein betennelse i foten i vinter, så eg har hatt tre veker uten vanleg trening.

- Difor var eg litt spent på korleis det skulle gå då eg kom ut i Leikvanghallen laurdag, fortel det unge talentet.

Pettersen Lunde hadde på førehand bestemt seg at ho skulle gjera så godt ho kunne og at ho skulle freista å henge på jenta som sprang først.

- Ville prøve å ta ho

Det blei ein skikkeleg duell med Elina Drivenes. Dei to var i fjor kretsens beste 800 meter løparar i J15.

- Med 150 meter igjen bestemte eg meg for at eg ville prøve å ta ho.

- Eg fant fram alt eg hadde av krefter, og då eg rykka så klarte ho ikkje følgje meg, fortel Pettersen Lunde.

Målfrid kom i mål på tida 2.21.78. 48 hundredeler framfor Drivenes og med den raskaste tida som har vore løpt innandørs denne sesongen.

Medalje er målet

Ungjenta har planen for resten av sesongen klar.

- I februar skal eg vera med på 600 meter i Pingvinlekane, før Ungdomsmeisterskapen innandørs (UM - NM for ungdom) er i mars.

- Du tok bronse på 800 meter i UM innandørs i fjor. Kva er målet i år?

- Eg har lyst til å gjera det minst like bra som i fjor.

- Drømmen er sjølvsagt å vinna eit av dei store meisterskapa, smiler Målfrid Pettersen Lunde.

Skade gjorde ho blei mellomdistanseløpar

Når det kjem til utendørssesongen planlegg talentet å vera med på utandørs UM, junior-NM og Verdsungdomsspelen i Göteborg (internasjonalt stemne).

- Er det 800 meter du satsar på?

- Det er nok hoveddistansa, men eg øvar òg på 400 meter og 400 meter hekk.

- Du var jo ein habil lengehoppar og sprintar også. Kvifor har du gitt deg med dei øvelsane?

- Eg hadde ei skade for omlag to år sidan som gjorde at dei eksplosive øvelsane ikkje passa lenger. Difor blei det dei litt lengre løpa kor kravet til eksplosivitet ikkje er like stort.

- Det kan nok henda at eg prøvar meg på 200 meter igjen, men dei kortaste distansane er eg nok ferdig med.

- I fjor blei utandørssesongen kort på grunn av skada eg hadde, så i å håpar eg at eg unngår skadene og kan fullføra sesongen og ta medalje i eit av stemna eg stiller i, avsluttar Målfrid Pettersen Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.