Kultur | 18. des. 2018

Artistar på dugnad held gratis solidaritetskonsert

Sjå artistliste: – Vi vil gje folk ein sjanse å gjera noko for andre før jul, seier initiativtakarane.

Artistar på dugnad held gratis solidaritetskonsert
Oppe f.v.: Øyvind Hægland, Arvid Tveit, Eirin Røykenes, Ine Tumyr (Mighty Magnolias) og Eirik Strønen Søfteland. (Alle foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. des. 2018 14:30

Dei stiller som privatpersonar, initiativtakarane Øyvind Hægland og Arvid Tveit (oppe til venstre), som saman med Arne Mæland har arrangert fleire solidaritetskonsertar i Os dei siste åra.

Det starta med tsunamiramma Thailand i 2004, seinare har det vore konsertar til støtte for blant anna jordskjelvramma Haiti (2010). I fjor var det Kirkens Nødhjelp og «den stille sulten» dei støtta.

– Denne gong går pengane til Leger Uten Grenser sin innsats i Jemen, fortel Øyvind.

Konserten er i Os kyrkje torsdag frå klokka 19.30.

– Det er fri entré. Dei som vil kan støtta aksjonen med kontantar eller vipps.

• Krigen i Jemen har ført med seg hyperinflasjon, arbeidsløyse og akutt mangel på drivstoff, mat og medisinar. I 2015 levde halvparten av landets 29 millionar innbyggarar på mindre enn to dollar om dagen, ifølgje flyktninghjelpen.no.

• Sidan mars 2015 har Leger Uten Grenser behandla fleire enn 80.000 pasientar med krigsskadar.

– Ei bygd av «ja-musikarar»

Varaordførar Marie Lunde Bruarøy og leiar i Os Sentrumsforening, William Lindborg, er konferansier torsdag.

– Vi er veldig takksame for alle som stiller opp i ei travel førjulstid, seier Arvid Tveit.

– Dei lokale musikarane har år etter år vore veldig positive.

• Video: Sjå 12 minutt av støttekonserten for Syria i 2015

Årets musikarar:

Eirin Røykenes
Hilde Gjerstad
Kari Fjeldstad m/Åsmund Brekke, Arne Hernes, Nils Midtseter
Vondt I Ryggen
Into The Beast (Ole Amund Gjersvik/Marita Moe Sandven)
Eirik Søfteland
Olav Skorpen
Hans Marius Johnsen
The Eight
Mighty Magnolias

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.