Sport | 02. mai 2012

Åsane slo Os ut av cupen

Os var nær på å senda NM-kampen vidare til ekstraomgangar, i staden stakk Vegard Leikvoll Moberg med lagkameratar av med billetten til 2. runde.

Åsane slo Os ut av cupen
Os i eit av fleire spennande angrep på Åsane-buret i 2. omgang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. mai 2012 21:16

Bildeserie:

Bra skot av Åsane. (Foto: KVB)
Bra skot av Åsane. (Foto: KVB)
Anders Kloven redda fleire i dag, men denne gjekk inn, 2-0 til Åsane. (Foto: KVB)
Anders Kloven redda fleire i dag, men denne gjekk inn, 2-0 til Åsane. (Foto: KVB)
Rundt 400 kom for å sjå Os - Åsane i NM. (Foto: KVB)
Rundt 400 kom for å sjå Os - Åsane i NM. (Foto: KVB)
Stor sjanse til Christer Olsen og Os. (Foto: KVB)
Stor sjanse til Christer Olsen og Os. (Foto: KVB)
Her blei det blåst straffe. (Foto: KVB)
Her blei det blåst straffe. (Foto: KVB)
Keeper var på ballen, men Preben Borgen sitt skot gjekk inn. 1-2. (Foto: KVB)
Keeper var på ballen, men Preben Borgen sitt skot gjekk inn. 1-2. (Foto: KVB)
Olsen med nytt godt raid. (Foto: KVB)
Olsen med nytt godt raid. (Foto: KVB)
Nesten utlikning, Heggland skyt innlegg av Borgen i stanga. (Foto: KVB)
Nesten utlikning, Heggland skyt innlegg av Borgen i stanga. (Foto: KVB)
1 av 8
Bra skot av Åsane. (Foto: KVB)
Anders Kloven redda fleire i dag, men denne gjekk inn, 2-0 til Åsane. (Foto: KVB)
Rundt 400 kom for å sjå Os - Åsane i NM. (Foto: KVB)
Stor sjanse til Christer Olsen og Os. (Foto: KVB)
Her blei det blåst straffe. (Foto: KVB)
Keeper var på ballen, men Preben Borgen sitt skot gjekk inn. 1-2. (Foto: KVB)
Olsen med nytt godt raid. (Foto: KVB)
Nesten utlikning, Heggland skyt innlegg av Borgen i stanga. (Foto: KVB)

Onsdag gjekk dei siste kampane i 1. runde i NM, og Os tok imot Åsane frå divisjonen over. Åsane, som blant anna har osingen Vegard Leikvoll Moberg i startellevaren, tok leiinga i eit av dei første speleminutta.

Etter ein dryg halvtime hadde Os ei dårleg klarering og Åsane auka til 2-0 som sto seg til pause.

– Eg følte at vi hadde grei kontroll i første omgang. Os datt litt saman etter den raske 0-1-skåringa, meiner Leikvoll Moberg.

Os reduserte i 2. omgang og produserte fleire store sjansar. Men ballen gjekk ikkje i mål og Åsane sette inn 1-3 på overtid.

Os - Åsane 1-3 (0-2)
Os sitt mål: Preben Borgen (straffe)

I 2. omgang opna gjestane best, men 5-10 minutt ut i omgangen kom Os meir inn i kampen, spelte fint og hadde nokre gode initiativ.

Før pause blei Os-kaptein Stian Lunde skadd. Anders Kinden kom inn og Valvik blei flytta bak i midtforsvaret.

– Eg er på legevakten no, berre for å få ein sjekk. Eg trur ikkje det er noko alvorleg, men det er for tidleg å seia kor tid eg er på banen igjen, seier Lunde.

Hektisk i Åsane-forsvaret

Også Åsane måte ommøblera litt, så Leikvoll Moberg hamna i gjestane sitt midtforsvar.

Der fekk han det travelt ein periode, og då Christer Olsen på kjempesjanse blei felt av Åsane-keeperen blei det straffe som Preben Borgen, som i 4-1-sigeren over Stavanger i serien i helga, sette trygt inn, kliss i venstre stolpe.

– Eg synes vi gjorde det bra mot eit godt 2. divisjonslag. Spelet vårt fungerte bra i periodar og vi hadde fleire fine enkeltprestasjonar, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

Meir handlekraftige

Etter 1-2-reduseringa auka Os trykket. Den største sjansen til å senda NM-oppgjeret til ekstraomgangar var innlegget frå Borgen som Fredrik Heggland, som skåra sitt første for A-laget i førre serierunde, banka i stolpen og ut.

– Åsane var meir handlekrafige framfor eige mål og framfor vårt mål. Vi får ta med oss dette som ei god erfaring og satsa på å halda fram med gode kampar i serien, seier Tim.

Åsane sette inn 1-3 på overtid og er vidare til 2. runde. I fjor kom Åsane til 3. runde, der dei tapte 0-1 for Brann.

Andre resultat frå NM 2. mai:
Arna-Bjørnar - Fyllingsdalen 2-1
Austevoll - Nest Sotra 2-4
Stavanger - Ålgård 0-1
Øystese - Vard Haugesund 2 - 5

Alle resultat frå 1. NM-runde

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.