Lokal | 02. juni 2016

Åsen-Helleskaret gjennom første nålauge

Fylkesvegarmen mellom Åsen og Helleskaret einstemmig vedtatt i utval for miljø og samferdsel i fylkeskommunen.

Åsen-Helleskaret gjennom første nålauge
Åsen - Helleskaret har passert det første hinderet for ei realisering (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 02. juni 2016 13:22

Onsdag blei saka om bygging av ny fylkesveg mellom Åsen og Helleskaret handsama i utval for miljø og samferdsel i Hordaland Fylkeskommune.

– Då var fylkesvegarmen igjennom første runde i fylkeskommunen. Einstemmig vedtak i utvalet, i tråd med innstillinga frå fylkesrådmannen, meldte ordførar Terje Søviknes i ein SMS med tommelen opp.

• Les òg: Kan Åsen-Hellskaret løysast på ein annan måte?

Endeleg vedtak kjem i samband med handsaminga i fylkestinget blir 14. -15. juni.

Tryggare veg

Fylkesrådmannen argumenterer i si innstilling i saka at det vil vera god samfunnsøkonomi i prosjektet og at ein vil få ein betre go tryggare veg.

– Den nye vegen vil gje Lysefjordområdet eit kortare, betre og tryggare vegsamband til E39 og Os.

– Os kommune har store utbyggingsplanar av næring og bustader i området. Øvrige fylkesvegar i området er dårlege og med mangelfullt tilbod til gåande og syklande.

– E39-prosjektet har opsjon på bygging av fylkesvegen, men opsjonen må tingast innan 1.7.2016. Ved å bruka overskotsmassar frå E39-prosjektet vil prosjektet kunne realiserast på ein kostnadseffektiv måte.

– Os kommune tar risikoen med å finansiera 2/3-delar av kostnaden ved bidrag frå utbyggjarar. Hordaland fylkeskommune sin del blir dermed 1/3-del, pluss meirverdiavgift og byggherreansvar, forklarar fylkesrådmannen i saksframlegget.

God samfunnsøkonomi

Fylkesrådmannen understreker at nye fylkesvegprosjekt skal prioriterast gjennom Regional Transportplanprosessen (RTP), men at ein her kan gjera eit unntak.

– Denne saka vert lagt fram eitt år før RTP fordi det er god samfunnsøkonomi i prosjektet; kostnaden for prosjektet er gunstig, og lokal finansiering utgjer 2/3-delar. I tillegg kan fylkeskommunen eventuelt få innsparingar gjennom nedklassifisering og mindre behov for opprustning av eksisterande fylkesvegar.

I vedtaket legg ein til grunn at delar av FV161 og/eller delar av FV 163 blir nedklassifisert til kommunal veg etter forslag frå Statens Vegvesen.

Den nye vegen er planlagt med ei total breidde på 14 meter; køyrebane med skulder 7,5 meter, grøntareal 3 meter og gang- og sykkelveg på 3,5 meter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.