Lokal | 15. mars 2019

Åsen-Helleskaret: Møtte grunneigarane med nytt prisoverslag

Dei fleste grunneigarane møtte då Os kommune ville diskutera finansiering og framdrift. No har dei fått oppsummering og svarfrist.

Åsen-Helleskaret: Møtte grunneigarane med nytt prisoverslag
Komande fylkesveg Åsen-Hellskaret. (Kart/skisse: Os kommune/ABO)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. mars 2019 16:31

I førre veke sendte eit samrøystes plan- og bygningsutval områdeplan ut på høyring.

• Les òg: Er i rute - manglar pengar

I går møtte Os kommune grunneigarane på nytt, for å diskutera spleiselag på ny pris.

– Oppmøtet var godt, eg trur 12 av dei 14 inviterte møtte, og éin av dei som ikkje kunne koma meldte frå om det på førehand, seier kommunalsjef Aina Tjosås.

– Ut frå kva dei sa, dei som ytra seg, ser grunneigarane ut til å vera med på notene vidare. Vi har skissa eit forslag til finansiering. Dette treng ikkje vera fasiten, men skal vi få bygd vegen så er vi avhengige av at grunneigarane er med på ein eller annan form for spleiselag.

Fredag ettermiddag fekk grunneigarane tilsendt ei oppsummering frå møtet, med frist fredag 22. mars på å svara på om dei er med på spleiselaget.

Pris og forslag på prisreduserande tiltak

Ordførar Terje Søviknes innleia møtet med å ta historikken. Denne fylkesvegen ville tidlegast kome inn i fylkesbudsjettet i 2035, om ikkje Os kommune fekk til eit spleiselag, slik dei gjorde i juni 2017.

Men så blei opsjonen med Veidekke kansellert, prisen var høgare enn venta.

I går presenterte Søviknes nye, oppdaterte kalkylar for prosjektet, utarbeidd av plankonsulentane i ABO:

Veg-anlegg: 118,1 millionar kroner
VA-anlegg 28,1 millionar kroner
TOTALT: 146,2 millionar kroner

Då Os kommune får mva-refusjon er prisane utan.

ABO har òg presentert eit forslag til kuttliste på totalt 20-23 millionar kroner.

Desse kutta er:
1. Endra frå sykkelveg med fortau bredde 4,5 m til gang- og sykkelveg bredde 3,5 m.
Kostnadsreduksjon på ca 6 millionar kroner
2. Ta ut gs-veg på sørsida av veg 1800 frå pr 215-430 (220 m).
Kostnadsreduksjon på ca 6 millionar kroner
3. Ta ut gs-veg på vestside av veg 1900 pr 20-130 (110 m)
Kostnadsreduksjon på ca 1 million kroner
4. Ta ut kulvert med tilhøyrande gangvegar ved pr-10 ved Åsamyrane.
Kostnadsreduksjon på ca 4 millionar kroner
5. Ta ut 4 kryss i første fase
Kostnadsreduksjon ca 10 millionar kroner

Os kommune har i fleire møter med fylkeskommunen, seinest onsdag 13. mars, drøfta dei nye kalkylane og finansieringa. Kommunen har håp om at fylkeskommunen står fast på å ta ein tredel av kostnaden, men då må dei ha ein ny politisk sak opp til fylkestinget i juni i år.

– Godt at kommunen tar ansvar

Os kommune er førebudd på å ta byggherreansvaret for å kunna halda framdriftsplanen med ei ferdigstilling av anlegget i 2022, om lag samstundes med opninga av E39 Svegatjørn-Rådal. Fylkeskommunen skal ikkje ha kapasitet grunna arbeid med fylkessamanslåing og omorganisering av Statens vegvesen, som skal overførast til fylket.

– Eg er glad for at Os kommune tar dette samfunnsansvaret, og plasserer seg i førarsetet for å få realisert denne vegen, seier Anita Kristiansen, administrerande direktør i Backer Bolig AS.

Backer Bolig kjøpte 80 mål av grunneigar Eivind Sjøbø i 2016. Sjøbø har ein eigedom på til saman 300 mål i området.

– Som utbyggar skulle vi naturlegvis ønskt at alt av infrastruktur kom på plass av seg sjølv, men vi forstår at vi i nye område må delta i finansieringa.

I sitt forslag til finansiering kjem Os kommune med følgjande plan: Fylkeskommunen betaler 40 millionar, Os kommune legg ut for 80 millionar kroner.

Grunneigar/utbyggar betaler tilbake til kommunen, etterkvart som dei får godkjent rammeløyve, 500 kroner per kvadratmeter (BRA-S, altså salbart bruksareal).

– Prisen har auka, og som arbeidsgjevar har du ansvar for at prosjekta går rundt. Kvar går smertegrensa for kva ein utbyggar kan gå med på?

– 500 kroner per kvadratmeter er ein høg pris å betala. Men det er ikkje mogleg å setja eit tal på kvar smertegrensa går, det vil variera frå område til område. Kostnaden landar til slutt på huskjøpar.

– No skal vi i møte med andre utbyggarar i området, blant anna BOB, for å senda eit svar til kommunen. For vår del kan eg seia at vi er positiv til det som kom fram på møtet i går, og til den opne dialogen kommunen har med oss med interesse i området, seier Kristiansen.

Vegen vidare, om Os kommune får positivt svar frå utbyggarane og grunneigarane, er møte med éin og éin utbyggar frå veke 13 til 15 for å landa intensjonsavtale med kvar enkelt.

– Vi bør nok òg finna ei formulering for dei som i framtida får godkjent utbyggingsareal i området, at ikkje nokon kan sitja på gjerdet og seinare koma inn som gratispassasjer på vegen, seier Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.