Samferdsle | 25. mai 2023

Åsen - Helleskaret: Signerte avtale i dag

I går gjekk karensperioden ut, i dag blei kontrakt skriven.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. mai 2023 12:52

Torsdag 30. mars klokka 12 var det frist på anbodsrunden på 1,6 km lange fylkesveg 5156 Åsen-Hellskaret.

Vi fekk innsyn i opningsprotokollen, som viser tilbod frå 8 aktørar og prisdifferanse på 59 millionar kroner på høgaste og lågaste tilbod.

Les ògÅsen - Helleskaret: 59 millionar skil høgaste og lågaste tilbod

Karensperioden var utvida til onsdag 24. mai klokka 14. Då det ikkje kom inn klage innan frist, var det i dag duka for kontraktskriving.

Vestland fylkeskommune har med det engasjert Bertelsen & Garpestad AS til å bygga ny fylkesveg mellom Åsen og Helleskaret.

Prisen er på om lag 200 millionar kroner.

Arbeidet startar til hausten og skal vera ferdig sommaren 2025.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.