Næringsliv | 10. sep. 2018

Asiatisk Mat Osøyro har lagt ned

– Det er fleire årsaker til at vi gir oss.

Asiatisk Mat Osøyro har lagt ned
Fredag kveld blei butikken tømt for varer. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. sep. 2018 06:33

I oktober i fjor opna Asiatisk Mat Osøyro i lokalet der S Tvedt tidlegare hadde hobby- og leikebutikk.

No er det klart at butikken ikkje rekk å bli eitt år gamal.

– Vi kunne ha halde fram, men vi har ikkje kome opp på den omsetnaden vi ønskte, og vi har av ulike årsaker ikkje lyst å bruka meir tid på å jobba den opp, seier Stian Larsen.

• Lokalet blir ikkje ståande tomt lenge - ny leigetakar er allereie på plass

Fredag kveld var det utrydding, i helga har varene blitt frakta til butikken i Førde som han og kona Charmelyn har drive i fem år.

– Den er ikkje noko gullgruve, men den går med fint overskot, og har heilt andre tal enn det vi til no har fått til på Os.

Tapte pengar på sommarvarmen

I tillegg til at det er meir krevjande å driva éin butikk enn to, har eigarane gått på nokre uventa tap i sommar.

– Vi importerer bananer og mango sjølv, frå Filippinene. Varmen i sommar gjorde at frukta i den eine konteinaren var moden lenge før den kom til Os. Det førte til tap på 50.000 kroner.

– I tillegg rauk den eine bilen vår, og det blei 50.000 i reparasjon.

I Førde må eigarane flytta butikken, då det skal byggast ny veg i området.

– Det er ikkje kjekt å gje seg, men summen av alt dette var med på å gjera det vanskelegare å kjempa vidare for butikken i Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.