Lokal | 23. juli 2013

Asiatisk på Amfi

Amfi Os utvidar utvalet av butikkar. Tidleg i haust opnar tre søsken asiatisk daglegvare med frukt, grønt, tørrvarar og eksotiske smakar.

Asiatisk på Amfi
Asia Mat flyttar inn i lokala til helsekosten (som flyttar nærare heisen) og delar av dei gamle lokala til Gullsmed Eide (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 23. juli 2013 12:52

I fleire månadar har dei tre søskena May Thi Dang, Vang Thi Dang og Quang van Dang vore i dialog med senterleiar Anne Kristine Tøsdal og Amfi Os for å starta Asia Mat på senteret.

– Ting tar tid, men no er kontrakta signert og vi gler oss til å utvida tilbodet på senteret.

– Dette kjem til å bli kjempebra og eit godt supplement til det vi allereie har.

– Dei skal ta over lokalet der helsekosten ligg i dag, samt delar av dei gamle lokala til Gullsmed Eide.

– Helsekosten skal flytta nærmare heisen. Når dei kjem til å opna er ikkje heilt klart enno, men det blir tidleg haust, fortel Tøsdal.

Årsaka til at det tar litt tid til dei kan flytta inn er bestillingstid på glasfasadar og anna naudsynt ombygging.

– Har vore etterspurt

Vang Thi Dang fortel at dei tre søskena gler seg til å starta butikk saman. To av dei bur på Os, den tredje i Fana.

– Vi har ikkje drive butikk sjølv før, så det skal bli spennande.

– Vi har opplevd at etterspurnaden etter asiatiske varer på Os har vore stor.

– Skal ein få tak i fersk frukt og grønt i dag, så må ein til byen, og då må ein vera tidleg ute, hvis ikkje er det gjerne tomt før ein kjem fram, forklarer Vang Thi Dang om kvifor dei vel å satsa på senteret.

I det om lag 100 kvaderatmeter store lokalet vil dei tilby asiatisk frukt og grønt, tørr- og ferskvarer frå Asia.

Metode renhald leiger kontor

I tillegg til Asia Mat kunne Tøsdal tysdag fortelja at også kontorlokale i andre høgda har blitt leigd ut.

– Metode Renhold, som nyleg fekk kontrakten med Os kommune, kjem inn som leigetakar av kontor og lager i 2. høgda.

– Dei har allereie fått nøklane, så dei flyttar inn no dei nærmaste dagane, avsluttar senterleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.