Dagleg leier for Oselvarverkstaden, Vidar Langeland, og dagleg leiar for Askeladden Boats AS, Henrik Askvik blei rodd av båtbyggjarane i samband med signering av avtalen (foto: Andris Hamre)

Askeladden blir hovudsponsor for Oselvarverkstaden

– For oss er dette historia vår. Difor er det kjekt å gje eit lite bidrag, smiler dagleg leiar Henrik Askvik i Askeladden Boats AS.

image
Av: Andris Hamre

Måndag signerte dagleg leiar i Oselvarverkstaden, Vidar Langeland, den første av tre hovudsponsoravtaler. Nær sagt naturleg nok blei det første avtalen signert med ein annan båtfabrikant med hovudsete på Os, Askeladden Boats AS.

– Det var med Oselvaren det heile byrja, også for oss. Henrik J. Askvik grunnla Askeladden-eventyret i 1911 og starta med å byggje nettopp Oselvaren. 

– Når Oselvarverkstaden no lanserer sitt sponsorprogram for næringsliv og private, så er det med stoltheit vi går inn som ein av tre hovudsponsorar på eit tre års engasjement.

– For oss er dette historia vår som det er viktig å byggje vidare på. Det har stor verdi for oss, også kommersielt, å bli knytt til Oselvaren og Oselvarverkstaden. Det handlar ikkje berre om goodwill, seier dagleg leiar Henrik Askvik i Askeladden Boats AS, som håper fleire Osfirma eller verksemder med tilknytning til maritim virke vil sjå nytten av å bli knytta til Noreg sin nasjonalbåt.

– Eg vil nytta nettverket mitt til å hjelpe til med dette og er allereie i sonderinger med fleire andre, seier Askvik, som også er nestleiar i styret for Oselvarverkstaden.

Han vi om ikkje lenge supplere den permanente båtutstillinga i dei gamle produksjonslokala i Strønevegen med ein Oselvar.

Vil gjera Oselvaren meir synleg

Allereie har dei to båtbyggjarfirma frå Os samarbeid om å promotera Oselvaren, seinest under båtmessa «Sjøen for alle» på Lillestrøm. 

– Oselvaren er den eldste tradisjonsbåten vår. For oss er det viktig å fortelje at vi bryr oss om historia vår. Vi ønskjer gjennom dette engasjementet å bidra til at Oselvaren skal bli meir synleg på alle medieplattformer, men også på ulike arrangement og messer, forklarer Askvik.

Har lagt strategiar

Nettopp det er Langeland og styreleiar Norvald Skåtøy glade for.

– Styret har nyleg fått presentert seg, og vedtatt sju ulike strategiar, kor sponsorstrategi og nettopp formidlingsstrategien er to av dei. Vi er difor veldig glade for at Henrik, som næringslivsmann går i bresjen.

– Vi ønskjer og håper at næringslivet rundt Bjørnafjorden og Os kommune, etterkvart Bjørnafjorden kommune, brukar oselvaren til å marknadsføre kommunen og Bjørnafjorden. Vi trur at dei utmerkingane Oselvaren og Oselvarverkstaden har fått, mellomanna gjennom UNESCO har stor marknad og sponsorverdi, forklarar Skåtøy.

Fekk ny bestilling i dag

I verkstaden står det i dag ein ny båt under bygging og to eldre båtar inne på "service".

– Vi fekk faktisk ein bestilling frå Haugesund i dag, så over ferien er det to nye båtar vi skal gå i gang med. Det vi ser er at dei fleste av kundane våre i dag ikkje er lokale, men kjem frå Austlandet, Sørlandet og Sør-Vestlandet. Vidar var faktisk i Mandal i helga og leverte ein båt.

– Ein annan ting vi ser er at kundene endrar seg, frå folk på min generasjon, til folk som ønskjer å ha oselvaren både som bruksbåt, men også som eit synleg objekt liggande i brygga eller utanfor naustet. For austlendingane virkar det nesten som oselvaren er noko eksotisk, seier Skåtøy.

Oselvaren og Oselvarverkstaden

Oselvaren er ein smekker robåt, bygd av tynne materialar og med oftast berre tre bordgangar. Den er kjent som ein trygg og sjøsikker båt, lett å ro og rask og segla. Historia til oselvaren strekk seg tilbake til vikingtida, og lite av byggjeteknikken har endra seg på mange hundre år.

På 1800-talet var oselvaren den dominerande båttypen blant fiskarane langs heile Hordalandskysten, og etter at fiskarane byrja å ta i bruk større båtar som dei sette motor i, var det berre Os og Strandebarm båtbyggjarkunsten overlevde.

Oselvarverkstaden er ei stifting som har til føremål å ta vare på båtbyggiarhandverket som gjeld oselvaren, i pakt med tradisjonar og strenge krav til kvalitet, og å føre båtbyggjarkunsten vidare til nye generasjonar ved systematisk og grundig opplæring av nye båtbyggjarar. 

I dag jobbar det fire båtbyggjarar og to lærlingar med nybygg og reparasjonar i Oselvarverkstaden.

I 2016 blei Oselvarverkstaden, som den første og førebels einaste norske tradisjonsbærar, ført inn på den prestisjetunge UNESCO-lista over immateriell kulturarv. Samme året fekk Oselvarverkstaden tildelt Olavsrosa frå Norsk Kulturarv.

Fleire saker