Askeladden har fusjonert
– Det var godt å koma til sjøen, seier dagleg leiar Henrik Askvik.

Askeladden Boats AS har fusjonert med Båtens Beste AS. Fusjonen var formelt gjennomført i 13. desember 2012.
– Årsaka til fusjonen er at vi vil tilpassa oss tida vi er inne i, rusta oss for framtida og utnytta dei mange ressursane vi har felles, seier Henrik Askvik.
Båtens Beste er ein viktig Askeladden-forhandlar med butikk, utstilling i brygge, motor- og plastverkstad og vinterlagring på kaien i Askvik.
– Det har vore ein svak marknad dei siste åra, men no er det grunnlag for å driva veldig lønsamt.
Sparer 4 millionar i året
Verken Askeladden Boats eller Båtens Beste har drive med overskot dei siste åra.
– Men etter fusjonen sparer vi rundt fire millionar kroner i året. Personellkostnadar og husleige utgjer mest, men vi sparer naturlegvis også mykje pengar på straum, forsikring, rekneskap og liknande postar.
Dei to verksemdene hadde 11 og 12 tilsette. No er mengda tilsette redusert til 19.
– Ein grei prosess
Askeladden Boats AS er eigd (100 %) av holdingselskapet Askeladden Industrier AS, selskapet som Mons Tore Lyssand og Henrik Askvik overtok konkursboet etter Henrik J. Askviks Sønner AS sin konkurs i 2008/2009.
• Mons Tore Lyssand med Moly AS eig 66 %, Henrik Askvik med HJA Invest AS eig 34 % av aksjane i Askeladden Industrier AS.
• Båtens Beste AS blei starta av Jonathan Dyrstad og Martin Murud i oktober 2008. I april 2009 kjøpte Askeladden Industrier AS seg inn med 34 prosent av aksjane.
– Askeladden Industrier kjøpte Murud sine aksjar i Båtens Beste i juni 2012 og Dyrstad sine aksjar i november, så vi kunne kjøra ein rein søsterselskap-fusjon av to firma vi eigde 100 prosent av, Askeladden Boats og Båtens Beste.
Det nye samanslåtte selskapet heiter Askeladden Boats AS. Båtens Beste-namnet blir også brukt vidare, som eit namn på avdelinga som utgjer butikken, verkstaden for ettermarknaden og direktesal til kundar.
Askvik er framleis dagleg leiar, Dyrstad er salssjef i privatmarknaden og Askvik si høgre hand gjennom mange år, Leif Bergaas, er sals- og marknadssjef mot forhandlarar.
Det meste er i praksis som før.
Dyrstad og Rundsveen inn på eigarsida
Om Dyrtsda sine aksjar blei kjøpt skal Båtens Beste-gründaren inn igjen på eigarsida i det fusjonerte selskapet.
– Når vi er ferdig med 2012-rekneskapen for dei to fusjonerte selskapa til våren skal Jonathan inn på eigarsida med 10 prosent av aksjane i Askeladden Boats.
– I tillegg skal Reidar Rundsveen inn med same eigarpost.
Rundsveen hadde 15-16 års erfaring frå bilbransjen, fleire av dei i leiarstillingar, då han kom til Askeladden i 2006. I starten jobba han i produksjonen som gruppeleiar, seinare blei han leiar for produksjon, innkjøp og logistikk.
– Eg trivst godt og då eg fekk tilbod om å koma inn på eigarsida kunne eg ikkje seia nei seier Reidar.
Leiger framleis i fabrikken
Administrasjonen i Askeladden Boats har no flytta ned til Båtens Beste på kaien, men selskapet leiger framleis rundt 1000 kvadratmeter til montering av tillegsutstyr (opsjonar), lager og logistikk i det 7000 kvadratmeter store industribygget som tidlegare var Askeladden-fabrikken.
Askeladden-båtane blir som kjent no produsert i Polen.
Den tidlegare Askeladden-fabrikken er eigd av Mons Tore Lyssand sitt selskap Lyssand AS. Beerenberg leiger mesteparten av fabrikklokalet, men det er no ledig rundt 850 kvadratmeter til produksjon eller lager og cirka 300 kvadratmeter med kontorlokale.
Med aluminium og aksling
Askeladden sin "aktive range" består no av 14 modellar, frå minstemann 445 Chaser (daycruiser) til pilothusbåten P80.
– Heilårsbåtane i pilothus-serien har vore ein suksess og den får selskap av to nye modellar som skal lanserast på båtmessa i Oslo i mars, fortel Askvik.
– Den eine heiter P77 Weekend og blir vår første P-båt med gir og aksling. Vi har P-båtar med innandbordmotor frå før, men det er med hekkaggregat.
– Den andre er A66, Askeladdens første aluminiumsbåt.
Askvik fortel dessutan om fleire spennande anbodsrundar selskapet no er inne i, blant anna har dei levert tilbod på 5-10 Commuter-ar i året til Forsvaret, ein rammeavtale som går over fire år.
Askeladden har med auka fokus på heilårsbåtar og båtar retta til krevjande brukarar blant anna levert ein politibåt til Telemark.
Sjefen hoppar i sjøen
Lokala til Båtens Beste skal brukast som dei er i dag, men på kaien skal det leggast til rette for endå betre utstilling.
Det skal leggast ut ei ny brygge som blir rein sals-utstilling på sjøen, utelukkande med båtar for sal, med god skilting til kvar modell med tekniske spesifikasjonar.
Askvik og Dyrstad trivst i kontorfellesskap og Henrik er svært nøgd med at han no har fått kontor nede på kaien.
– Eg har faktisk ikkje jobba i desse lokala sidan eg var ungdom og hadde sommarjobb.
– Men eg har vore mykje nedom her, naturlegvis, i møte eller berre på morgonkaffi.
– Eg liker også godt å bada i sjøen, så eg har av og til kjørt nedom for å hoppa uti i lunsjen. No blir det nok fleire dukkertar på meg, ler Henrik Askvik.
Midtsiden samlside: Askeladden
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.