No vil Askeladden opp i fart: C75 Cruiser. (Ill.: Askeladden Boats AS)
No vil Askeladden opp i fart: C75 Cruiser. (Ill.: Askeladden Boats AS)

Askeladden i 50 knop

Etter fire år med fokus på båtar til heilårsbruk driv Askeladden no utvikling av ein ny og raskare serie med fritidsbåtar. 

Kjetil Vasby Bruarøy
14. november 2013 - 12:38

Mykje har skjedd på Askeladden-fronten dei siste åra. Askeladden Boats AS har lansert sin første båt i aluminium, sin første båt bygd for to påhengsmotorar og har satsa tungt i pilothus-nisja, der P-serien sidan lansering i 2010 har vore ein stor suksess.

Midtsiden samleside: Askeladden

Suksessen med gode bruksbåtar og komfortable og praktiske båtar til heilårsbruk har også ført til sal til politiet og rammeavtale med forsvaret, der fabrikken med base og eigarskap i Os snart skal levera sin første rib.

Men no vil Askeladden prioritera fart og gøy, gå frå arbeid til fritid. Askeladden vil opp i fart.

– Frå 2009 har vi hatt fokus på bruksbåtar, og vi ser no på P-serien som ferdigutvikla og komplett i denne omgang.

– I mellomtida har skjedd litt mindre innan segmentet vi var sterke på åra i forkant, fritidsbåtar for fine sommardagar i norsk skjergard.

– Når vi no fornyar fritidsbåt-flåten, vil vi bygga båtar for høgare fart, seier dagleg leiar Henrik Askvik.

Opp mot 50 knop 

Askvik fortel at fabrikken har brukt lang tid på å utvikla nye skrog. Askeladden skal bli kvassare i forma og takla bølgjer betre også når farten er høg.

– Produksjonen av formene er godt i gang. Rundt årsskiftet er vi nok klare med den første båten.

– Kvifor satsar de meir på fart?

– Vi ser at dei som har hatt suksess med fritidsbåtar medan vi har hatt fokus på pilothus-serien, har bygd båtar som toler større motorar.

– No vil vi bygga båtar som er like gode også i 20-30 knop, men der du har høve til å auka til motorstyrke som får båten opp i oppmot 50 knop.

Startar med dei største 

Dei første båtane i den nye serien blir 7,45 meter lang og 2,55 meter brei, og kjem i to utgåver, C75 Cruiser og C75 Center Cabin.

– Dette blir også dei største båtane med det nye designspråket, og det nye skroget. Seinare kjem vi med bowridarar og skjergardsjeepar. 

Båtane er teikna av Gasper Peternelj, som også står bak Askeladden Commuter 11 og Z8.

Begge C75-båtane skal lanserast på messa Sjøen for Alle på Lillestrøm i mars 2014.

Askeladden C75 Cruiser

Tekniske data:
L: 7,45 m inkl. plattform 
B: 2,55 m
W: 1.600 kg
V bunn: 25˚
Motor: Suzuki DF150 – DF300 XL rigg
Tank min. 230 L
Vann: 40 L
Septik: 40 L

Toplinepakke:
• Vannskikrok
• Spyletoalett med septiktank 40 L
• Trykkvann, vask, pantry og dusj badeplattform
• Kjøleskuff 30 L
• Pantry
• Trimplan
• Dekksluke

Askeladden C75 Center Cabin

Tekniske data:
L: 7,45 m inkl. plattform 
B: 2,55 m
W: 1.650 kg
V bunn: 25˚
Motor: Suzuki DF150 – DF300 XL rigg
Tank min. 230 L
Vann: 40 L
Septik: 40 L

Toplinepakke:
• Spyletoalett med septiktank 40 l
• Trykkvann, vask, pantry og dusj badeplattform
• Kjøleskuff 30 l
• Pantry med kokeapparat
• Trimplan
• Dekksluke fordekk
• Skyveluke hard top
• Teakstyle dørk i senterkabin og forkabin