Askeladden inspirert av Tesla

Askeladden C83 med C-COMMAND: Lanserer nytt flaggskip med ny teknologi på Aker Brygge torsdag.

27 fot og påhengsmotor, overnatting til 6 personar - og samling av all info på ein stor skjerm. (Ill.: Askeladden Boats AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. sep. 2017 11:58

Bildeserie:

Torsdag er det premiere.
Askeladden C-COMMAND blir lansert med den nye båten.
Alt samla på éin stor skjerm.
Styring av varme, lys og musikk.
Navigasjon og ekkolodd på same skjerm.
Med TSI-skrog.
To store doble køyar under dekk.
God plass også utandørs.
Torsdag er det premiere.
Askeladden C-COMMAND blir lansert med den nye båten.
1 av 8
Askeladden C-COMMAND blir lansert med den nye båten.
Alt samla på éin stor skjerm.
Styring av varme, lys og musikk.
Navigasjon og ekkolodd på same skjerm.
Med TSI-skrog.
To store doble køyar under dekk.
God plass også utandørs.
Torsdag er det premiere.

Det er rekordoppslutnad om Skandinavias største utandørs båtmesse, «Båter i Sjøen», som opnar på Aker Brygge torsdag 7. september.

290 båtar ligg utstilt i bryggene og messa har heile 50 noregs- og verdspremierar. Blant desse er ei av Askeladden sine største premierar nokosinne.

– Vi har hatt mange lanseringar der vi synest vi har kome med spennande nytt, men vi har i nokre omgangar hatt ekstra mykje nytt i éi lansering, nyvinningar der vi har utfordra båtbransjen innan både teknologi og utforming, seier Henrik Askvik, administrerande direktør for Askeladden Boats AS.

Han nemner Z7, Z8 og Commuter 7 og 11 som eksempel.

– Med Askeladden C83 og Askeladden C-COMMAND har vi no ei tilsvarande stor lansering. Ingen har tilsvarande båt som C83 i marknaden, ingen har tilsvarande multifunksjonssystem som C-COMMAND.

Askeladden C83 er Askeladden sitt nye flaggskip, sett vekk frå yrkesbåtane (i hovudsak RIB på bestilling) den største Askeladden i dagens utval.

Bygd på tidenes Askeladden-suksess

Askeladden kom med noko eige då 705 blei lansert for over 15 år sidan. Overnattingsplass til 4 personar under dekk, i ein båt på 23 fot, var attraktivt for både dei som ville ha ein prisgunstig turbåt for heile familien og for dei som ikkje ville ha ein stor cabincruiser å manøvrera på når dei skulle inntil ei brygge eller i ei vik for å gjera strandhogg.

– 705 var tidenes suksess for Askeladden! Med Z8, som erstatta 705, gjekk vi vidare i same kategori, ein båt med lengda og eigenskapane til ein daycruiser, men som romma så mykje meir. I mange år har dette segmentet vore gløymd av båtbransjen, det ser vi òg på bruktmarknaden, der desse båtane står seg svært godt i pris.

46 knop med 350 hk utanbords

Askeladden C83, som kjem til Noreg onsdag morgon, er naturlegvis bygd på det nye TSI-skroget (twin step infusion hull technology)til Askeladden, eit skrog utvikla for redusera friksjon, planingsterskel og forbruk, og samtidig auka toppfarten.

Trass storleiken, på nesten 27 fot, får båten utanbordsmotor.

– Outboardmotoren har fundamentalt endra fritidsbåtmarknaden. Med påhengsmotor får du god drivtsøkonomi, betre komfort og driftstryggleik og redusert service- og verkstadkostnadar.

Nye Askeladden C83 er bygd for 300 til 350 hk, og er venta å få ein toppfart på 46 knop med største motoralternativ. Suziku DF350 ATXX 350 hk er einmotor med kontraroterande duopropsystem som skal gje eit unik grep i sjøen, retningsstabil og med aksellerasjon som ingen skal kunna matcha, ifølgje leverandøren.

Utstyr? Ein stor skjerm

Henrik Askvik har sett i retning bilbransjen før. No er han inspirert av Tesla og har saman med Nextfour Group utvikla Askeladden C-COMMAND.

– Sjå bildet av dashbordet. Her er det normalt ein serie av skjermar, målarar og brytarar. Vi har med nyvinninga, som første produsent, samla det meste av måling, styring, registrering og underhaldning på éin skjerm.

Skjerm på 12 tommar plar å bli sett på som stort. Askeladden C-COMMAND er presentert på ein 16 tommar stor skjerm.

Her får du ikkje berre navigasjon, VHF og ekkolodd, men all data frå motor og tank, samtidig som du styrer alt frå varme og hovudbrytar til kjøleskap og kokeapparat til styring av lys, radio (FM og DAB+) bluetooth og musikk på denne skjermen.

Nytt for Askeladden er også Wallas diesel kombinert varm luft og varmt vatn. Også denne styrt av C-COMMAND.

– C-COMMAND er alltid kopla til internett og kan fungera som ein ruter for dei om bord. Den har fjernkontroll og den kan koplast til mobiltelefon, fortel Askvik.

Med mobiltelefonen kan du styra musikken. Det vil òg koma oppgraderingar, desse kan koma raskt, og blant det som er aktuelt er musikkstrøymeteneste, alarm, sporing og fjernstyring av varme (aktivering av varmluft før du skal i båten).

Sparer ein halv million kroner

Askeladden kallar C83 for ein perfekt daycruiser for opptil 10 personar på dagstur og overnattingsplass for 4-6 personar i to doble køyar under dekk. Båten har to doble køyar under dekk, ein stor og sosial cockpit, stor badeplattform med eigen sun loung toalett, dusj og god pantry med keramisk topp.

Produsenten meiner dei presenterer ein prisrevolusjon parallelt med dei teknologiske nyvinningane.

– Ein godt utstyrt C83 med 300 hk vil få vegleiande pris på rett over 1,1 million kroner. I 2008 var ein Z8 med tilsvarande utrusting prisa til 1.424.000 kroner, noko som i dagens pengeverdi tilsvarar 1.686.000 kroner.

– Også driftskostnadane er lågare. Reknar vi fem år med drift og vedlikehald ligg desse 40 % under nivået med Z8 i 2008. No kan vi tilby same båtkonsept, med større volum, betre ytelse og meir moderne teknologi, til ein vesentleg lågare pris.

– Vi er fleire frå hovudkontoret i Askvik som reiser til Oslo denne veka. Onsdag har vi forhandlarmøte, torsdag blir det premiere og opning av messa. Vi gler oss og er veldig spente på mottakinga av Askeladden C83, seier Henrik Askvik.

Tekniske data:
Designkategori: C
Lengde: 8,30 m
Bredde: 2,80 m
Vekt uten motor: Ca. 2.200 kg
Drivstoff: 230 liter
Ferskvann: 100 liter
Varmtvann: 20 liter (opsjon)
Septiktank: 40 liter
Personar: Max. 10
Motor: Outboard 300 - 350 HK
Fartspotensial; 46 knop med største motor


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.