Askeladden nominert til internasjonal pris
Kan vinna prisen «European Powerboat of the Year».

I fjor på denne tida kom Askeladden Boats sin første C78 Cruiser ut av fabrikken og opp frå Polen til Norge, no er den blant fem nominerte båtar til prisen Årets Motorbåt i Europa (European Powerboat of the Year).
Askeladden er nominert saman med fire andre: Bayliner M19, Beneteau Flyer 8 Sundeck, Boston Whaler 250 Dauntless og Rand Source 22 i kategorien «båtar inntil 8 meter, ein av seks kategoriar.
- Du kan sjå bilde og lesa meir om dei fem nominerte på powerboat-award.com
– Det er stort å bli nominert, spesielt sidan det er andre året på rad, seier dagleg leiar i Askeladden Boats AS, Jonathan Dyrstad.
I fjor fekk dei nominasjon for båten C80, som blei ein bestseljar etter lanseringa i 2020.

– Det er tøff konkurranse mot store, kjente merke i Europa. Vi har vore nominert nokre gongar, men aldri vunne denne prisen.
– Vår design blir som kjent brukt av søstermerket vårt på kontinentet, Parker, og vi deler nominasjonen med dei.
Juryen besår av journalistar frå ulike europeiske båtmagasin, prisen blir delt ut under den store båtmessa Boot, som blir arrangert i Düsseldorf frå 21. til 29. januar.
Kriteria i nominasjonen og tildelinga er kvalitet per krone, køyreoppleving og tryggleik.
– Vi plar ta oss nokre dagar på messa. No må vi passa på å også reisa tidleg nok til å få delta på banketten og utdelinga, som er i starten på messa.
Nominasjonen er også omtalt av Båtmagasinet.
Bildeserie:
Askeladden C 78 Cruiser
Lengde 7,80 m
Bredde 2,55 m
Personer 7
Fartspotensial 46 knop
Utenbords 250 – 350 hk
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.