Næringsliv | 07. sep. 2014

Askeladden viser seg på Aker Brygge

Askeladden Boats fortel om eit fantastisk sal i sommar, og rundar denne helga av høgsesongen på flytande båtmesse i Oslo.

Askeladden viser seg på Aker Brygge
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 07. sep. 2014 09:10

Torsdag opna Båter i Sjøen, for 42. år, i hamna på Aker Brygge for første gong. 120 utstillarar er på plass og viser 250 båtar i tillegg til motorar og utstyr.

– Messa hadde ei fin opning ved ordførar i Oslo, Fabian Stang, og vi har hatt strålande vêr og mykje besøk, fortel marknadssjef Leif Bergaas.

Messa har siste opningsdag i dag, søndag, og Askeladden har med fire båtar; P66 Pilothouse og P66 Weekend og dei to som er ny av året, C75 Cruiser og C75 Center Cabin.

Eventyrleg sommar

Den varmaste julimånaden på over 100 år har, saman med at hestekrefteravgifta forsvann 1. juli, fått nytt liv i båtmarknaden.

– Samtlege av dei største bransjeaktørane melder om høgare sal eller auka interesse, noko vi kjem til å sjå tydelege spor av inn i 2015-sesongen, seier administrerande direktør i båtbransjeforbundet Norboat, Erlend Prytz.

Til Bergens Tidende/Sysla.no tidlegare i veka fortalte Askeladden-direktør Henrik Askvik om tomme hyller etter sinsvært god julimånad.

- I sommar såg vi for første gong sidan finanskrisa ein oppgang i marknaden. Då selte vi for 20 millionar kroner, mens vi fi dei første sju månadane totalt selte for 60 millionar.

No ligg Askeladden Boats an til å tangera fjoråret, då selskapet selte for 84 millionar, 19 millionar kroner mindre enn i 2012.

Båtbruken aukar

Tal Infact har samla på vegne av Norboat viser at også båtbruken har auka tydeleg i 2014 i forhold til normalen.

Heile 54,4 prosent seier dei har vore i fritidsbåt så langt i år, mot 46 prosent året før.

På Sør- og Vestlandet er folk mest ivrige med å koma seg på fjorden, her seier 61 prosent at dei har vore i båt i år.

Tidobla sal av vassjet

EU-reglar har ført til lemping på restriksjonar knytt til kjøring av vassjet, noko som har ført til ei enorm auke i sal av «båtar» med styre i staden for ratt.

Salssjef i BRP Norway AS og importør av merket Sea-Doo, Einar Grinvold, er ifølgje ei pressemelding overbevist om at salet no lausner med nye forskrifter.

– Frå i år til i fjor har vi tidobla salet. Hovedgrunnen er forskriftsendringa, som no opnar for friare bruk, men også det at hk-avgifta forsvann har nok hatt god effekt. Prisane gjekk med fjerning av avgifta ned 25 prosent på enkelte modellar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.