Kultur | 29. mars 2010

Askil Holm til Os

Os er ein av stoppestadane når MOT og Askil Holm reiser på turné denne våren.

Askil Holm til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. mars 2010 09:55

Os er ein kommune som har jobba godt og lenge med MOT, og er derfor ein av stoppestadane når MOT og Askil Holm legg ut på turné. Måndag 19. april kjem MOT-teamet til Os for å møta ungdomen i bygda, på og utanfor scenen i Oshallen.

- Askil Holm har eit opplegg på scenen på kvar plass dei stoppar, men tanken er at flest mogleg lokal ungdom skal opp på scenen saman med han, så dei òg får visa kva dei kan, seier Tore Sandnes i MOT.

- Det blir to konsertar i Os, den første for elevar ved ungdomsskulane, den andre for elevar på vidaregåande nivå, fortel Reidar Dale, leiar for MOT-prosjektet i Os kommune.

- Fleire lokale musikarar blir også å sjå på scenen, både to av banda frå kulturmønstringa og ei jente som får synga duett med Holm.

Mange på tur
Med seg på turen har Sandnes og Holm dei to MOT-leiarane Atle Vårvik, som vil tilby foredrag for vaksne. To musikarar skal vera med for å skapa liv på scenen, og to jenter fra MOT er med som koordinatorar og konferansierar. Eigen teknikar for lys og lyd blir også med på heile runden.

- Tanken er at det skal vera tilnærma gratis for lokalsamfunna å ta imot oss, så vi kjem med det meste ferdig. Men det er heilt opp til kommunane sjølv kor mykje dei vil gjera ut av dette, utfordrar Sandnes.

Vil inspirere
Askil Holm, kjent som ein av Hallelujah-kameratane, håpar å inspirera ungdom i Os

- Årsaka til at eg engasjerer meg i MOT er at eg ønskjer å vera noko meir enn ein artist. Eg liker å koma ut blant ungdom og eg liker å laga arrangement der det er plass til andre.

- Andre artistar har tatt meg opp på scenen, og det har betydd alt for meg. Eg ønskjer å gjera det same for andre, sier han.

UKM gav scenetid
Fleire av deltakarane på årets kulturmønstring i Os er blant dei som får stå på scenen med Holm:

Blackend, som består av Martin Snilstveit, Eirik Gjerde, Kay Erik Skaar og Richard Gåssand, og AVM90, som består av Tommy Lepsøy, Håkon Skarding, Silje Lepsøy og Knut Andreas Stokke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.