Åsmund Lien heidra i Hardanger
Kulturberar og tidlegare dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Åsmund Lien, blei tildelt heiderprisen under Hardanger Trebåtfestival i helga.
Under den årvisse Hardanger Trebåtfestival i Nordheimsund i helga blei tidlegare leiar for Oselvarverkstaden, Åsmund Lien, tildelt årets heiderspris.
– Prisvinnaren har sikra og utvikla verkstaden i Os til å bli ein solid kunnskapsforvaltar for oselvaren og vestnorsk klinkbyggingstradisjon.
– Han dreiv verkstaden i meir enn 18 år med realistisk nøysemd og fagleg styrke, og var ein omgjengeleg nettverksbyggjar, heitte det i juryen si grunngjeving.
Sjå òg: På innsio: Oselvarverkstaden
Del av verdsarva
Åsmund Lien, som gjekk av med pensjon i fjor sommar, var mellom anna ein av dei som sto bak søknaden om å få oselvaren og Oselvarverkstaden på UNESCO si liste over immatriell kulturarv.
Båten og båtbyggarkunsten var i desember i fjor den første i Norden som kom på den prestisjefylte lista.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.