Sport | 03. nov. 2012

Åsne blei noregsmeister

Arna-Bjørnar var suveren i dagens cupfinale.

Åsne blei noregsmeister
Åsne med NM-gullet. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. nov. 2012 17:29

Osingen Åsne Takle Eide (18) spelte heile finalen då Arna-Bjørnar i dag vann fotball-NM for juniorar.

Les òg: Speler cupfinale i dag

– Det har enno ikkje gått heilt opp for meg at vi vann, det som ein draum, seier Åsne til Midtsiden.no.

Arna-Bjørnar var suveren og slo Stabæk 4-0.

– Vi jobba godt saman i dag og var klart best, meiner Åsne, som den siste sesongen har blitt omplassert frå høgre kant til høgre back både på juniornivå og i Toppserien.

Åsne er no på veg til Oslo for å spela mot Kolbotn i nest siste runde i Toppserien.

– Vi er i Oslo i 50-årsdag hos slektningar, og familien var benka framfor TV-en under finalen i dag, seier Åsne sin pappa, Gunnar Takle Pedersen.

– I morgon skal vi sjå kampen mot Kolbotn, der Arna-Bjørnar kjempar om medalje i serien. Kampen går på Røa sin bane, og Røa ligg på 4. plass, så det er jo ekstra stas om Arna-Bjørnar sikrar medalje på Røa sin bane, ler Gunnar.

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.