Attende med salong og ein laus plan

Gjengen bak «WT Os internasjonale filmfestival», og det alle trudde var kroken på døra for filmfestivalar i Os, «60 gradar Nord», er no attende med mikrofilmfestival.

Til helga går Solbakken Salongfestival av stabelen for første gong. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 02. okt. 2018 22:48

Bildeserie:

Filmen om Kule-Kurt kan du sjå på laurdag. (Pressefoto)
Ole Henning Bøe, Vidar Mæland og Adrian Leonard Ramsdal Bøe testar lyd, bilete og popcorn før helgas festival. (Foto:KOG)
Filmen om Kule-Kurt kan du sjå på laurdag. (Pressefoto)
Ole Henning Bøe, Vidar Mæland og Adrian Leonard Ramsdal Bøe testar lyd, bilete og popcorn før helgas festival. (Foto:KOG)
1 av 2
Ole Henning Bøe, Vidar Mæland og Adrian Leonard Ramsdal Bøe testar lyd, bilete og popcorn før helgas festival. (Foto:KOG)
Filmen om Kule-Kurt kan du sjå på laurdag. (Pressefoto)

Fredag og laurdag vert Galleri Solbakkestova gjort om til salong i høve Solbakken Salongfestival.

Planane er like ambisiøse og kreative som alltid, men med nokre justeringar.

– Det har klødd lenge, det må vi innrømma, seier Vidar Mæland, ein av regissørane bak nyskipinga.

– Det har gått nokre år sidan vi avvikla «60 Gradar Nord», men eg trur fleire enn meg har kjent på saknet kvar haust. Abstinensar er vel eit ord som seier noko om kjensla fleire av oss har hatt.

Ole Henning Bøe fortel at det er ein litt annan gjeng som skipar til festival denne gongen.

– Folka er dei same; meg, Vidar, Ørjan Setvik, Bjørn Terje Bøe og Gerhard Just Olsen. I tillegg har vi vel på eit eller anna tidspunkt i planlegginga kontakta samtlege av dei som elles tidlegare hadde ei rolle i festivalane, anten for å be om råd eller få hjelp til noko.

– Skilnaden, fortel Bøe, er at vi er nokre år eldre, nokre born rikare, og i den samanheng går vi inn i dette med ein del føringar frå heimen. Kjetil Fossåskaret er vel den einaste vi har latt vera i fred, då vi er klar over at han er ein stad mellom ei ammetåke og eit bleieskift om dagen.

– Men, om han les dette skal han veta at han er hjarteleg velkomen, kjem det humrande frå Mæland.

Salong

På spørsmål om kva salong har med film å gjera, er svaret like naturleg som det er kreativt.

– Om ein les seg opp på salong, finn ein fort at salong er definert som eit rom med sofa, fortel Mæland. Salongar har samstundes vore ein stad kor ein kunne syna fram kultur.

– Mozart var til dømes ein aktiv salongspelar i si tid, legg Bøe til.

Med det forklart glir intervjuet inn på ein lengre debatt om liknande ord som er på veg ut, til dømes kupé, før Bøe trekk den store lina;

– I salongen vår skal vi heidra den lokale kulturen. Til liks med dei tidlegare festivalane vi har stått bak, skal det lokale møta det internasjonale, og det internasjonale skal møta det lokale.

Lokalt

Festivalen byrjar fredag med offisiell opning før ein mellom anna kan få sjå Hanne C. Andersen sin ferdige spelefilm «Young and alone».

Laurdag er det først gratis barnefilmfest før Pål Wincents «Kule Kurt-Cowboyen frå Osterøy» vert vist.

Programmet held fram med kortfilmprogram, mellom anna med Rolv Bjørø sin «En annen verden».

– Vi tykkjer det stas å kunne syna fram lokale filmar seier Bøe, og ekstra kjekt er det at vi får eit mikroføredrag frå Hanne C. Andersen om prossessen og arbeidet med «The Chase». – Filmen er enno ikkje ferdig, men vi skal få sjå det som er klart til no, det heile introdusert av regissøren sjølv.

Alltid galla

– For dei som hugsar WT-festivalen og 60 Gradar Nord, så var det få som kunne slå dykk på galla og prisutdelingar. Korleis skal de løysa dette i Solbakkestova? Og kva om det kjem alt for mange på festivalen i helga?

– Gallaen løyser vi lett med å kalla den Micro Galla, kjem det raskt frå Mæland.

– Til no har eg berre laga éin medalje i verkstaden, men om eg får anden over meg, kan det jo vera at det vert fleire prisar å dela ut på laurdagen.

– Denne gallaen skal enkelt handla om å vera sosial, mingla og ha det kjekt saman, seier Bøe.

Bøe fortel vidare at det er teke høgde for potensielt godt besøk med at ein del av programmet vert vist to gongar.

– Vi har lagt inn buffertid her og der, men for all del, vert det så godt besøk kan vi lett utvida festivalen nokre dagar! Om folk må venta på plass, er det både alpakka, høns og skulpturar ein kan sjå på i hagen.

– Det kan jo vera at det faktisk kjem godt med folk denne gongen, legg Mæland til. På dei førre festivalane var det ikkje så mykje folk, men då var jo alt gratis. Denne gongen kostar det ein liten femtilapp å koma inn, så om teorien stemmer skal det verta fullt hus.

Solbakken Salongfestival startar fredag og har ved siste oppteljing sitjeplassar til 22 vaksne og eller sånn cirka 44 til born.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.