Politi og brannvesenet rykte ut til Bergstøvatnet på Søfteland (ill.foto: KVB)
Politi og brannvesenet rykte ut til Bergstøvatnet på Søfteland (ill.foto: KVB)

ATV gjennom isen

Ein ATV har gått gjennom isen på Bergstøvatnet på Søfteland.

Andris Hamre
01. mars 2018 - 17:09

Klokka 16.27 fekk nødetatane melding om ei ulykke med ein ATV på Bergstøvatnet på Søfteland.

– Nødetatene rykte ut til ATV som har gått gjennom isen. Meldar observerte dette frå avstand. Det er fleire personar på isen som forsøkte å dra ATV-en opp. Politiet er på staden og har kontroll, ingen er skadd, meldte Vest politidistrikt på Twitter.

Brannvesenet var òg på staden og forsøkte å berga ATV-en.

– Alle personar er evakuerte vekk frå isen. Den er ikkje trygg. Brannvesenet forsøker å berga ATV. Bergstøvatnet er ein mindre del av Gåssandvatnet, oppdaterte politiet.

110-sentralen melder klokka 17.10 at ATV-en er tatt på land. Ingen personar gjekk gjennom isen. Politiet tok avhøyr av dei involverte på staden.

OPPDATERT: Politiet har oppretta sak. Førar av ATV er ein mann i 40-åra.