Lokal | 23. mai 2020

ATV-ulykke i Nordstrøno

Person fastklemt under velta firehjuling.

ATV-ulykke i Nordstrøno
Politiet er på staden og personen er frigjort. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. mai 2020 17:12

Laurdag klokka 18.34 fekk politi og brannvesen melding om trafikkulykke i Lønnevågvegen på Strøno.

– Éin person er skadd, Nødetatane er på veg, skriv 110-sentralen på Twitter.

– Ein person ligg fastklemt under ATV-en. Han er vaken og snakkar, men er skadd i ein fot, opplyser politiet.

Personen er no frigjort.

OPPDATERT:

– Førar er ein mann i starten på 20-åra. Han blei køyrd til Haukeland i ambulanse med skade i ein fot, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Han var edru, men det er oppretta sak og tatt midlertidig beslag i førarkortet. Politiet har òg hatt avhøyr av eit vitne.

Flammar på Lepsøy

Brannvesenet har tidlegare i ettermiddag vore på Lepsøyneset etter melding om store, opne flammar frå eit hyttefelt.

Flammane var mindre då brannvesenet kom fram, og viste seg å vera frå eit bål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.