Samferdsle | 14. jan. 2024

Åtvarar om glatte vegar

– Frost i bakken og nedbør gir glatte vegar.

Åtvarar om glatte vegar
Industrivegen søndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 14. jan. 2024 08:35

«Etter en lang periode med svært kaldt vær kom mildvær og regn, og det er varierende temperaturer. Frost i bakken og nedbør gir glatte veier» skreiv Vegtrafikksentralen på vegner av Vestland og Rogaland klokka 19.19 laurdag kveld.

Alle entreprenørar var ute for å strø, men fleire stadar blei saltet vaska vekk og nedbøren fraust på nytt.

Det blei fleire uhell i nabokommunane våre utover kvelden og natta.

To personbilar på Stord var innblanda i eitt, etter at den eine fekk sleng på hengar.

Så var det tre utforkøyringar på Askøy, der bergingsbil hadde problem med å koma seg bort til den eine, grunna glatt veg.

I Øygarden landa ein bil på taket etter å ha køyrd inn i eit pumpehus, i Laksevåg var det ein bil som i natt køyrde inn i ein lyktestolpe.

Midtsiden har foreløpig ikkje fått melding om vanbskar i trafikken i Os.

Det snør i Os søndag formiddag, og skal halda fram med å snø til i 15-tida. Då kan vi få nokre minutt med sol før sola går ned.

Temperaturen skal ned frå 2 pluss til 0 i kveld og vidare til 2 til 5 minus utover i veka.

Det er meldt lettskya og sol måndag og onsdag, snøbyger tysdag og torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.