Samferdsle | seks timar sidan

Åtvarar om laus hest langs E39

Fryktar at den kan vera til fare for seg sjølv og trafikken.

Åtvarar om laus hest langs E39
Statens vegvesen har kamera i området, men der er hesten ikkje å sjå. Foto: vegvesen.no
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 28. feb. 2026 17:26

Laurdag klokka 17.23 fekk vi tips om laus hest langs E39.

– Den sprang langs vegen, og no er det kø. Eg veit ikkje kva som skjedde vidare, fortel tipsar.

Hesten hadde løpt frå bilen mens vedkomande køyrde på E39 mellom Mobergsbrua og Svegatjørn.

– Den var på utsida av autovernet, men såg ut til å vera laus.

Vegtrafikksentralen hadde ikkje melding om hendinga. På Google Maps si trafikkovervåking ser det heller ikkje ut til å vera kø.

  • Oppdatert: Vi har fått informasjon om at hesten er tatt hand om og er tilbake på stallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om