Lokal | 07. juni 2019

Åtvarar turgåarar og trafikantar

– Vi har prøvd å lokka svanene ned til elva, men dei blir nok verande langs vegen ei stund til.

Åtvarar turgåarar og trafikantar
Svaneparet med ungar har halde seg mykje langs vegen i Landboden dei siste dagane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. juni 2019 12:05

Dei siste dagane har svaneparet som hekkar i Oselvo halde seg mykje i og langs vegen i Landboden.

Der ser det ut som om dei blir verande ei stund.

– Det er heldivis nokon som har sett opp varselstrekant. Vi har prøvd å lokka dei ned til elva, men dei liker tydelegvis både graset ved grusbanen og denne dammen ved Sanitetshuset/Kløvertun, seier Åse Tveit.

Fare for at nokon kan bli skadd

Ho er ein av fleire som engasjerer seg for svanene sitt ve og vel. No er ho uroa for at svanene skal angripa andre, eller at svanene skal bli skadd av trafikantar eller hundar.

– Vi har snakka med ornitolog, med kommunen og med brannvesenet. Det er nok ikkje så mykje vi kan gjera anna enn å venta til elva er mindre stri, og til ungane blir litt større. Dei held seg nok her fordi det er sterk straum i elva og ungane er små, i tillegg er det godt beite.

Det var klekking 21. mai i år. Paret fekk åtte ungar, no er dei nede i sju.

– I mellomtida er det viktig at trafikantar er varsame, og at turgåarar og særleg hundeeigarar tar omsyn. Svanefar kan gå til angrep om han føler at ungane er truga, det beste er om dei får fred, og at ikkje barn eller menneske kjem for nær.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.