Kultur | 03. mars 2011

Augons første med akryl

Den kjente grafikaren Augon Johnsen held på å førebu vernissasje i Galleri Oz, i det som er hans første utstilling av maleri.

Augons første med akryl
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. mars 2011 15:06

Laurdag 5. mars opnar Galleri Oz utstilling med gjesteutstillar Augon Johnsen.

Augon Johnsen er utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole, der han tok diplomeksamen i 1982, og har blant anna vore illustratør for Bergens Tidende og Gunnar Staalesen sine 15 bøker om Varg Veum.

- Eg har fleire av bilda frå fleire av bøkene med i utstillinga her på Os, fortel Augon, som i dag var i galleriet for å få kunsten på plass til opninga.

Dottera stiller med Kubbe

Johnsen, som opprinneleg er frå Skien, har budd og jobba i Bergen sidan 70-talet. Med seg til opninga laurdag har han ei av døtrene, Åshild Kanstad Johnsen.

- Ho gjorde suksess med barnebokdebuten sin i fjor, og har med seg boka «Kubbe lager museum», som ho vil lesa høgt for til dei yngste som kjem på opninga laurdag, fortel Augon.

Åshild har vore med pappa Augon på kunstskulen sidan ho blei fødd i 1978, og seinare som student. Debutboka hennar, som får ein oppfølgjar denne hausten, er omsett til fleire språk og ser ut til å bli filmatisert til japansk fjernsyn.

Frå grafikk til maling

Om eigen kunst seier Augon at dette er første gong han stiller ut maleri.

- I alle desse åra har eg nesten berre jobba med grafikk, og mest med silketrykk. Maleri har det blitt få av, og dette er første gong eg har med maleri i ei utstilling.

Med akrylfarger synes han det er lettare å vera spontan, lettare å leika seg.

- Du kan vera spontan med silketrykk òg, men prosessen krev meir planlegging, så det blir ikkje på same måte. Likevel ser eg, som grafikar, at grafikken min går igjen i maleria, eg kjenner igjen stilen min.

Johnsen har starta med menneske, hundar og hestar.

- Eg ville ha form, men også form i fart. Det ligg ikkje nokon historie bak motiva, men ei stemning, og kanskje noko folk kan laga si eiga historie av, seier Augon Johnsen.

Utstillinga hans skal stå i Galleri Oz til 17. april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.