Meining | 31. des. 2023

Auka attraktivitet gjev von for framtida

Nyttårshelsing frå ordførar Terje Søviknes.

Auka attraktivitet gjev von for framtida
Terje Søviknes då han fekk ordførarkjedet 19. oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 31. des. 2023 08:21

2023 har vore eit krevjande år. Høg prisstigning, aukande rente og lågkonjunktur i einskilde bransjar har utfordra både hushaldningar, bedrifter og kommunen.

Bjørnafjorden kommune slit framleis økonomisk, og det vert jobba hardt med tiltak for å betra balansen mellom varige inntekter og utgifter. Diverre er det ingen veg utanom, men i fellesskap skal vi få det til.

Omstillinga er krevjande å stå i både for tilsette, tillitsvalde, administrasjon, politikarar og brukarar av kommunale tenester, men det er von for framtida.

Tiltaka vil gje effekt, og vi skal framleis levere gode tenester for vel 2,3 milliardar kroner i 2024.

I tillegg vil auka attraktivitet, mellom anna knytt til ny E39 Os-Bergen, gje positiv vekst framover. Vi ser det allereie i 2023, der Bjørnafjorden pr. 3. kvartal har ein folkevekst på 1,32 %. Dette ligg langt over veksten i våre nabokommunar i Bergensregionen.

2024 ser også lyst ut for næringsetableringar både i Lyseparken og Samnøy Industriområde. 17. januar skal tømmerkaien på Samnøy opnast, og fleire spanande etableringar er på gang i Lyseparken.

På dette området kan vi verkeleg gleda oss til 2024!

Nye og gode arbeidsplassar vil ytterlegare auka bustadattraktiviteten til Bjørnafjorden, og vi har godt med flotte bustadområde klar på begge sider av fjorden.

Prognosane tilseier at rentetoppen er nådd, og når konjunkturane snur er Bjørnafjorden svært godt posisjonert. Eg har denne hausten opplevd stor interesse frå verksemder og eigedomsutviklarar som framover vil satsa i Bjørnafjorden, og vekst i arbeidsplassar og folketal vil i neste omgang gje kommunen auka inntekter.

Vi skal difor vera ein tydelig JA-kommune som legg til rette for næringsetablering, bustadutvikling og samarbeid mellom kommunen, private og frivillig sektor.

I 2024 skal vi også jobba meir med å skapa éin Bjørnafjorden kommune, der vi alle står saman for å skapa vekst, utvikling og gode lokalsamfunn i heile kommunen. Dette gjev von for framtida.

Eg vil med dette takka alle for innsatsen gjennom 2023 - både tilsette, administrasjon, politikarkollegaer, næringsaktørar, frivillige og alle innbyggjarar.

Med ynskje om eit godt og framgangsrikt nytt år!

Terje Søviknes
Ordførar, Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.