Lokal | 28. jan. 2010

Auka bruk av tvang

Også lensmannskontoret merkar finanskrisa, i fjor hadde dei ei auke i alle formar for namssaker.

Auka bruk av tvang
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. jan. 2010 09:51

Då Os lensmannskontor i går kom ut med statistikk for 2009 orienterte leiar for avdelinga for sivile saker, Åsta Løberg Bakke, om utviklinga i hennar avdeling.

- Dei fleste konkursane er bedrifter, men det er også privatpersonar som hadde det vanskeleg økonomisk. Nokre av dei opplevde at bustaden blei selt på tvangssal, og det er ikkje alltid ein enkel prosess.

Sel som vanleg objekt
Når ei økonomisk knipe blir så stor at bustaden må på tvangssal skjer det i dag på ein meir diskret måte enn tidlegare.

- Ny reglar gjer at bustadar på tvangssal ikkje lenger er annonsert som tvangsobjekt, men på Finn og andre vanlege media, med visning og bodrunde som andre objekt. Men meklar pliktar å opplysa at det er eit tvangssal.

Årsaka er at det både skal vera meir diskret for dei som må selja, og lettare å få ein normal pris på bustaden.

- Denne prosessen, med meklar som skal ta bilde til annonsen, heimen som må opnast for visning og folka som må flytta ut - er av og til tung. I ein del tilfelle av utkasting må politiet hjelpa til, seier Bakke.

Også leigetakarar er blant dei som blir kasta ut.

- Fleire utleigarar har sikra seg betre kontraktar, med punkt om utkasting ved kontraktsbrot. Men her er det enklare for den som skyldar å halda på heimen sin, ved betaling av uteståande leige er det ikkje lengre årsak til utkasting.

- Ikkje dramatisk
Samla sett gjekk talet på namssaker opp 25 prosent frå 2008. Nye reglar er delar av årsaka.

- Forkynning av konkursvarsel er blant desse, og med finanskrisa har fleire bedrifter blitt ivrigare på å krevja inn uteståande beløp. Ein del inkassoselskap brukar konkursvarsel som del av innkrevjingsmetodane, og ei lovendring gjer det lettare for kreditorar å gå direkte til namsmannen.

Bakke trur ikkje spora etter finanskrisa er over, og reknar med eit travelt år også i 2010.

Færre pass, færre utlendingsaker
I 2008 delte Os lensmannskontor ut 2456 pass, i fjor var dette redusert til 2047. Bakke trur ikkje det er snakk om at færre reiser på ferie.

- Då dei nye passa kom var det mange som skifta sjølv om det gamle ikkje var gått ut. No er det mange som har fått dei nye passa, at vi sel over 2000 pass i året i ein kommune med knappe 17.000 innbyggjarar er nok framleis ganske bra.

Svakare arbeidsmarknad i byggebransjen og industrien gjorde at det blei færre utlendingsaker i 2009. Talet på saker gjekk ned frå 511 til 477.

- Arbeidsløyve blir endå enklare for oss å registrera i år. Nye reglar og ei ny teneste med onlineregistrering hos UDI skal gjera at innvandrarar frå EØS-land skal koma til oss ferdig registrert og med all naudsynt dokumentasjon, seier Bakke.

TAL FRÅ AVDELINGA FOR SIVILSAKER 2009 (2008 I PARANTES)
Tvangssaker: 811 (768)
Gjeldsordningssaker: 11 (9)
Forliksrådssaker: 454 (376)
Forkynning: 714 (529)

Andre sivile gjeremål
Dødsfall: 105 (107)
Utlendingsaker: 477 (511)
Politiattestar: 855 (537) auka heng saman med nye reglar for attest for trenarar/leiarar i lag/org.
Pass: 2047 (2456)
Våpensøknadar: 109 (127)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.