Lokal | 22. mars 2012

Auka krav til etterforskinga

Lensmannskontoret 2011: Oppklaringsprosenten falt med 13,8% frå 2001 til 2011. Årsaka er auka krav frå domstolane til etterforsking av tyngre saker.

Auka krav til etterforskinga
Politiførstebetjent Tom Øyvind Johannessen, seksjonsleiar Åsta Løberg Bakke, Lensmann Rasmus Dalen og politioverbetjent Terje Sperrevik presenterte statistikken for 2011 (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 22. mars 2012 10:49

Lensmann Rasmus Dalen presenterte saman med sine nærmaste medarbeidarar statistikkane frå 2011 for lokalpressa onsdag.

- Eg synes eg har ein god og effektiv arbeidsstokk som kjem gjennom det meste, men vi må erkjenna at vi ikkje klarer å ta fatt i så mange saker som tidlegare.

- Det er fleire saker som blir henlagt av omsyn til kapasitet no enn tidlegare, fortalte lensmannen.

Dalen meinte at noko av årsaka til dette skuldast auka krav frå påtalemakta for dei tyngre sakene som skal opp til domstolane.

- Samstundes føler eg vi har ei positiv utvikling i samarbeidet med osingane, pressa og kommunen. Dette gjer oss sterkare.

For lita kake

Dalen vil ikkje kritisera dei ressursane lensmannskontoret blir tildelt.

- Det følgjer ein fastlagt modell frå sentralt hald basert på demografiske data som mellom anna befolkningssammensetning.

- Samstundes er nok ikkje kaka stor nok til å dekka dei forventningane politikarar og innbyggjerane har til oss.

- Vi må heile tida gjera strenge prioriteringer og får tunge føringer frå sentralt hald, forklarte Dalen.

Nær 14% nedgang

Oversikta over oppklaringsprosenten hos lensmannskontoret viser ein nedgang på nær 14% frå 2001 til 2011. Spesielt stor er nedgangen på dei sakene som fell under kategorien brotsverk kor oppklaringsprosenten fell frå 54,9 til 41,1 prosent.

Oppklaringa av mindre alvorlege forhold, kategorisert som "forseelser" fell i same periode med 10 % frå 83,8 til 73,8 %.

Totalt har lensmannskontoret ein oppklaringsprosent på 51,8 % i 2011. Sakshandsamingstida var i 2011 115 dagar for brotsverk og 84 dagar for "forseelser".

Vinning aukar mest

Vinningskriminalitet auka frå 2010 til 2011 med drygt 10 %.

- Om lag 50 % av straffesakene ved kontoret er vinningskriminalitet.

Slik fordelte straffesakene seg i 2011 (2010 i parentes):
Innbrot - 15 (11)
Trugslar §227 - 26 (21)
Liv/legeme/helbred - 58 (55)
Simpelt tjuveri §257 - 176 (140)
Grovt tjuveri §258 - 51 (65)
Motorvogntjuveri §260 - 11 (6)
Bedrageri økonomisk utroskap - 10 (26)
Skadeverk - 79 (71)
Narkotika §162, 1. ledd - 41 (57)
Narkotika §162, 2. ledd - 0 (2)
Legemiddelloven - 64 (52)
Undersøkingsakar - 54 (67)
Andre brotsverk - 105 (122)

Forseelser:
Naskeri - 26 (12)
Orden/fred - 31 (40)
Skadeverk - 10 (5)
Alkoholloven - 6 (5)
Politiloven - 12 (9)
Vegtrafikkloven - 111 (140)
- rusa - 18 (25)
- personskade - 13 (16)
- utan førarkort - 28 (35)
- fart - 11 (6)

Totalt tal på straffesaker 1043 (1011).

Veks meir enn folkeveksten

Ein viktig del av lensmanskontoret sitt arbeid ligg til sivilavdelinga, som møter publikum og som mellom anna tek seg av søknadar om pass, politiattestar og namssaker.

- Frå 2009 til 2011 ser vi ei auke på om lag 30 % i tvangssaker.

- 90 % av desse er utleggssaker, forklarte seksjonsleiar for sivile saker Åsta Løberg Bakke.

- Mange slit økonomisk. Dette gjeld både enkeltpersonar og selskap.

- Namnsmannen driv ikkje økonomisk rådgjevning, men det har kommunen plikt til å gjera.

- Eitt råd vil eg likevel kome med. Det er viktig å ta grep så fort som råd er når ein ser at ein ikkje klarar dei økonomiske pliktene.

- Det er viktig å poengtera at om saka hamnar hos oss har ikkje vi molglegheit til å leggje vekk sakar. Dei må handsamast, forklarte Løberg Bakke.

Slik fordelte dei sivile sakene seg i 2011 (2010 i parentes):
Tvangssaker - 1101 (969)
Forliksrådsakar - 556 (466)
Forkynning - 482 (572)
Dødsfall - 91 (120)
Utlendingssaker - 252 (244)
Politiattestar - 774 (711)
Pass - 2395 (2619)
Våpensøknadar - 95 (113)

Gjeldsordningssaker blei i 2010 overført til namsfogden i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.