Lokal | 20. mars 2013

– Auka optimisme i sentrum

Ordførar Terje Søviknes har tru på "Liv på Øyro". – Torget kan bli første plass der det kjem fysiske endringar, seier han.

– Auka optimisme i sentrum
Terje Søviknes meiner torget på Osøyro "skrik" etter fornying. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. mars 2013 14:30

Nedlegging av begge sportsbutikkane på Os fekk fleire til å få eit endå dystrare syn på utviklinga i Os sentrum.

Underteikna skreiv to kommentarar i førre veke, innlegg som skapte ein del engasjement i form av høge lesartal, mykje deling i sosiale media og fleire tilbakemeldingar.

"Dette engasjementet er noko av det mest postive som har skjedd Os dei seinare åra - hold trykket oppe! Prosjektgruppa for "Liv på Øyro" tar gjerne imot innspill " kommenterte ordførar Terje Søviknes.

– Eg fekk som eg ba om, og det som var ekstra gledeleg var at innspela som kom var fyldige og gode, seier Søviknes.

– Eg føler det er bra entusiasme i og for Osøyro og eg har tru på at vi saman skal få til noko for bygdesentrumet vårt.

Prosjektleiar for "Liv på Øyro", Cato Zachrisen, kunne ikkje stilla til avtalt intervju med Midtsiden tidlegare i veka, men Søviknes fortel om arbeidet og om kva det kan resultera i.

Byggehøgda kan bli auka

Søviknes seier han har eit godt inntrykk av kunnskapen og erfaringa til Cato Zachrisen. At Os kommune i fjor tilsette tidlegare prosjektleiar i StorBergen Boligbyggelag, Tor Inge Døsen, tar han også med.

– Når Zachrisen og Døsen sit saman, med sine like og ulike erfaringar, kan det bli mykje konstruktivt. Dei dannar eit godt fagmiljø saman med dei vi har på huset frå før.

Blant det "Liv på Øyro" jobbar med er dialog med grunn- og huseigarar. Kven vil selja, kven vil vera med på ei utvikling og kven er nøgd slik det er.

– Med denne kartlegginga kan vi betre legga til rette for at eksisterande eigarar, og eventuelt nye, kan utvikla gode prosjekt i Os sentrum.

Innan regulering- og planarbeid synes Søviknes det blei gjort mykje bra i sentrumsplanen, som blei vedtatt i 2008.

– Men vi var kanskje litt varsame med byggehøgda, 4 etasjar med éin tilbaketrekt etasje over dei fire, er truleg litt lite etter at det kom nye krav som gjer det dyrare å bygga.

– Vi må legga til rette for at det kan byggast lønsame bustadprosjekt i sentrumskjerna om det skal bli økonomi til å gje Osøyro eit løft i både standard og handelsgrunnlag.

Bustad og uteliv

Ein av dei større huseigarane i Os sentrum, fondet som eig Oshjørnet, bankbygga og Buggegården, har prøvd å utvikla Os sentrum nettopp med dialog med andre huseigarar og utvikling av bustadprosjekt.

– Dei som har kome så langt med planar i tråd med målsetnadane for "Liv på Øyro", er dei ein naturleg tett samarbeidspartnar til kommunen?

– No ligg eigedomane ute for sal, og ein eventuell ny eigar blir naturlegvis det, svarar Søviknes.

Seljar meiner etablering av nattklubb midt i Os sentrum både er ulovleg tiltak og ikkje i tråd med visjonane i sentrumsplanen.

– Var det feil å seia ja til nattklubb i 2010?

– Nei, eg meiner ikkje det. Vi bør finna ein måte å kombinera uteliv og eit godt bumiljø på, det klarer dei i andre tettstadar og det må vi klara på Os. Eg trur naboane har hatt eit overfokus på dette med støy, dei ville kanskje ha lykkast med prosjektet sitt om dei hadde satsa på ei anna målgruppe enn for eksempel Os Sjøfront. Det gav eg dei også fleire signal på på førehand.

– Men no får vi sjå korleis nattklubb-saka utviklar seg. Det kan tenkast at vi må planlegga og regulera meir detaljert korleis vi i framtida kan kombinera dette.

– Torget kan bli tatt først

Os har, som underteikna skreiv i førre kommentar, fått fleire sentrumsnære løft i nyare tid. Gjestebrygga med ombygd busshaldeplass, ny rundkjøring og bygging av rådhuskvartalet på slutten av 80-talet, Vindu mot Fjorden med tilhøyrande brygge, som sto ferdig i 2007 og Oseana og Os Sjøfront, som frå opninga av kulturhuset i 2011 og fram til innflytting i april i år set sitt preg på vestsida av hamna utanfor Os sentrum.

– Ved sidan av dialog med huseigarane, kan kommunen koma til å engasjera seg? Kan vi venta at det kjem utbetring også av offentleg rom?

– Ja. Det er lenge sidan sentrumskjerna har blitt fornya. Vi har Telthusplassen, som var eit lite samarbeidsprosjekt mellom kommune og fylkeskommune, men no er det på tide å ta nye grep.

– Sjølv om dialogen med grunn- og huseigarar kan føra til gode prosjekt og betra utvikling i Os sentrum, må nok vi i det offentlege også bidra. Vi har eit særskilt ansvar når det kjem til grøntstruktur og parkering, men også benkar, bord og installasjonar som appellerer til unge kan bli aktuelt å bidra med.

Søviknes ser også det er "eit skrikande behov" for fornying av torget, det offentlege arealet framfor Libris.

– Torget kan få første fysiske endring. Eit glastak kan bli aktuelt, anten huseigarar i nærleiken bli involvert eller kommunen sjølv "tar tak".

– Å kobla hamna betre saman med sentrum, gjerne ikkje med båt slik du og Bernt Helén viser til, men med meir markert trasé frå gjestebrygga til sentrum, er også noko vi ser på.

– Kan kommunen koma til å engasjera seg, flytta offentlege publikumsvenlege tilbod, som biblioteket, til sentrum? Eller sjølv kjøpa areal?

– Ja, det er mogleg. Det er gjerne naturleg å tenkja på å flytta biblioteket, på sikt. I enkelte tettstadar har dei med suksess også lagt til rette for helsetilbod som lege, fysioterapi og tannlege, i eigne "helsesenter" i sentrum. Slike tenester gjev auka trafikk.

Betre drift av båthamna

– Betre båthamn er også blant tiltaka som kjem tidleg. Servicebygget må vera på stell til sesongstart, gjestar bør få tilgang til internett i hamna og dei nye gjestebryggene innanfor nyemoloen ved sjøfronten må på plass.

– Brann- og redningstenesten, som har utvida med fire nye stillingar, får no ansvar for drift av hamna, seier Terje Søviknes, og ber folk om å halda fram med å senda innspel om sentrumsutvikling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.