Auka overskot for Aurora
Aurora Aksnes sitt selskap gjekk med over 5 millionar i pluss i 2017.

Rekneskap for 2017 viser at musikaren Aurora Aksnes frå Os både aukar omsetnad og overskot med selskapet ho stifta i 2015.
Omsetnaden auka frå 11,3 til 13,3 millionar kroner frå 2016 til 2017, driftsresultatet auka frå 2,0 til 5,1 millionar kroner.
Årsresultatet auka frå 1,5 til 3,9 millionar.
• Les òg: Aurora syng i ny Disney-film om Dumbo
Årsaka til den store auka i resultat er truleg at Aurora i 2017 primært turnerte i Noreg og Europa, med spelejobbar som smakte meir enn dei kosta, skriv VG.
Aurora eig 60 % av selskapet, foreldra May Britt og Jan Øystein eig kvar sine 20 prosent.
Tilbake til Noreg i august
I vår var Aurora tilbake på turné i USA, der ho blant anna song for Billboard i LA.
I sommar har ho hatt ganske tettpakka program i Europa, og om ei veke speler ho på OFF Festival i Polen.
Etter Polen ventar Italia, Ungarn og Belgia før Aurora 17., 18. og 29. august speler i Harstad, Trondheim og Stavanger.
I haust står England, Tyskland og Nederland for tur før ho 29. oktober speler i Paris.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.