Lokal | 18. mars 2019

Auka søkjarmengde til Os Gymnas

Prognosetala er klare - og ikkje høge nok til tre klassar. Men e-sport kjem på timeplanen.

Auka søkjarmengde til Os Gymnas
Prognosetala for Os Gymnas er klare - auke på vg1, men framleis ikkje nok til tre klassar, fortel rektor Kjersti Daland. (Ill.foto: KVB) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 18. mars 2019 11:33

– Slik tala ligg idag, har vi 204 søkjarar til neste skuleår. Av desse har 202 ungdomsrett. Dette fortel rektor ved Os Gymnas, Kjersti Daland.

– Det er gledeleg å notera seg ein auke i søkjartala til vg1, med 64 søkjarar i år mot 53 søkjarar i fjor, men det er framleis ikkje nok til å oppretta tre klassar på vg1, slik skulen hadde tidlegare.

Vil halda fram med å tenkja nytt

Daland fortel at målet til Os Gymnas framleis er tre, og helst fire klassar på kvart årstrinn.

– Eg trur vi vil kunna få ein auke på sikt, men det føreset at vi held fram med arbeida med utvikling og nytenking. Jobben med å rekruttera fleire elevar til skulen er langt frå ferdig.

– Os Gymnas må sjå framover og satsa på at med gode fagtilbod, vil få fleire til å sjå på Os Gymnas som eit spanande val når dei skal søkja skuleplass.

Det vert e-sport

I januar vart det kjent at Os Gymnas skulle tilby i e-sport frå hausten av.

I eit intervju med Midtsiden i februar fortalde Daland at ho var spent på korleis det nye faget ville påverka søkjartala.

No kan ho røpa at det vert e-sport på Os Gymnas frå hausten av;

– Ja, vi startar med e-sport. I første omgang med ei gruppe på maks 15 elevar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.