Næringsliv | 08. juni 2014

Aukar til 19 leilegheter

Teikningane er ferdige – sånn skal Oshjørnet bli til Baronsgården.

Aukar til 19 leilegheter
Slik blir Baronsgården ut mot Oselvo (ill: OSBE)
Andris Hamresøndag 08. juni 2014 08:42

Bildeserie:

Fasade mot torget (ill: OSBE)
Fasade mot torget (ill: OSBE)
Slik blir 4. etasjen i Baronsgården (ill: OSBE)
Slik blir 4. etasjen i Baronsgården (ill: OSBE)
Leilegheitene blir levert nøkkelferdige (ill: OSBE)
Leilegheitene blir levert nøkkelferdige (ill: OSBE)
Med mykje vindauge (ill: OSBE)
Med mykje vindauge (ill: OSBE)
1 av 4
Fasade mot torget (ill: OSBE)
Slik blir 4. etasjen i Baronsgården (ill: OSBE)
Leilegheitene blir levert nøkkelferdige (ill: OSBE)
Med mykje vindauge (ill: OSBE)

Os Bygg og Eiendom kjøpte Oshjørnet frå BB Eiendoms Invest I KS (BBEI) i fjor haust. I januar fortalte ein optimistisk leiar for «Liv på Øyro», Fredrik Seliussen, om stor interesse for leilegheitene og håp om oppstart før sommaren.

– Det har nok tatt litt lengre tid enn eg trudde.

– Vi har gått fleire rundar med meklarar og oss sjølv for å laga eit så godt konsept som mogleg i forhold til kva vi trur marknaden vil ha.

– No er vi der at reguleringsplanen blir sendt til kommunen og anbodsdokumenta blir lagt ut på Doffin, fortel Seliussen.

Frå 13 til 19 leilegheiter

Eit av hovudgrepa Os Bygg og Eigedom har tatt er å gjera om dei store leilegheitene som var teikna inn i dei førre planane.

– No har vi fått på plass 19 to- og treromsleilegheiter. Storleiken varerer frå 41 til 76 kvadratmeter.

– Prisane trur vi kjem til å landa på mellom 1,7 og 3 millionar, men vi må få inn tilboda frå entreprenørane før vi kan fastsetja dei endeleg, forklarer Paal Herland, prosjekt og eiendomsutviklar i Os Bygg og Eigedom.

Tilbaketrekt 4. etasje

Eit anna grep dei har gjort er å døypa om prosjektet til «Baronsgården».

– Bygget ligg jo rett over Baronselva, så vi tenkte at når prosjektet blei såpass endra som det blei, så var det også greitt å endra namnet.

– Høgda på bygget blir om lag som no. Fjerdeetasje blir ein tilbaketrekt etasje med balkongar til alle leilegheitene.

– På taket blir det felles takterrasse for alle dei 19 leilegheitene, seier Herland.

I dei to nedste etasjene vil det bli lagt til rette for næringsverksemd. Både strikkebutikken og Tojo blir verande.

– I tillegg er vi i dialog med ein større aktør som vi håper kjem inn, men der er ikkje avtalen signert enno, skyt Seliussen inn.

For både unge og eldre

Dei to eigedomsutviklarane fortel at dei har hatt førstegongsetablerarar i tankene når dei har teikna om prosjektet.

– Vi kjenner jo litt til prismekanismene og kva folk har råd til når dei skal etablara seg på bustadmarknaden for første gong. Derfor har vi teikna litt mindre leilegheiter.

– Samstundes har vi vore opptatt av å ikkje berre ha små leilegheiter. Det ville fort ha gjort at det hadde blitt mykje gjennomtrekk.

– Med det konseptet vi har no trur vi at vi kan nå både førstegongsetablerarane og eldre som vil flytta til ein moderne, lettstelt leilegheit.

– Treff vi den miksen trur vi at vi vil få eit godt bumiljø i Baronsgården, avsluttar Seliussen og Herland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.