Kultur | 29. juli 2018

Aukar til åtte Kystsoge-arrangement

Fiske, roing, telttur og foredrag om handverk frå Os: Laurdag startar Kystsogevekene i Os.

Aukar til åtte Kystsoge-arrangement
Fiske, kalvemønstring, marknad, telttur, kapproing, kunstutstilling og foredrag er blant innhaldet i Kystsogevekene i Os. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. juli 2018 10:50

Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland, Gulen kommune og Hordaland fylkeskommune.

Frå før kjenner du nok godt til fleire av arrangementa i Os, som fiskekonkurranse og kunstutstilling i Øyane, og Bondens Dag og Oselvarfestivalen i Os sentrum.

Programmet for Os startar laurdag 4. august og går over fem veker til laurdag 8. september.

Ut frå årets program (sjå liste nedst i artikkelen) ser det ut som om Kystsogevekene er i stødig vekst i Os.

Fleire arrangørar heng seg på

– Vi i kultureininga i Os kommune har prøvd å visa at vi kan vera ein tilretteleggar og hjelpar utan at vi sjølv treng å stå som arrangør, seier Kjetil Osablod Grønvigh.

På treff med andre Kystsoge-kommunar var dette blant erfaringane som var delt frå ein kommune med veldig innhaldsrikt program.

– Det er eit levande og handlekraftig organisasjonsliv i Os òg. Når dei får beskjed om at dei er velkomne til å laga eit arrangement under Kystsogevekene, og at dei for eksempel kan få låna lydutstyr eller nokre benkar av kommunen, blir dei dessutan del av programmet til ein kystfestival som blir marknadsført breidt i heile fylket.

Lyngheim blei inviterte til å setja opp noko på programmet, og tok utfordringa på strak arm. Andre har slutta seg til Kystsogevekene utan å gå via kommunen, som Barnas Turlag Bergen, som har arrangement i Ervikane.

Programmet - i korte trekk

Kystsogevekene i Os har arrangement både helg og vekedag, for born og vaksne.

Laurdag 4. august, Bruarøy: Opninga er som tidlegare år på Bunnpris Vedholmen Landhandel, der Os Fritidsfiskarlag (tidlegare Os Småfiskarlag) arrangerer ein fiskekonkurranse som normalt samlar store og små i tett med båtar.

Tysdag 7. august, Ervikane: Natursti i Ervikane om FNs berekraftmål. FN-sambandet i Bergen har utvikla eit unikt opplegg for uteskule, som dei gjerne vil tilby til fleire enn skuleelevar. På arrangementet i Ervikane ynskjer dei særleg velkomne til personar med rørslehemmingar.

Laurdag 11. august, Sundøy: Vernissasje på Vedholmen Galleri, utstilling av bildekunstnar Rolf Monsen.

Laurdag 25. august, Ervikane: Telttur i Ervikane for born frå 3 til 10 år (overnatting til søndag 26. august), i regi av Barnas Turlag Bergen.

Frå måndag 27. august, Hamnevegen: Oselvardagen for 9. klassingane i Os. Kvar klasse får sin dag, spreidd over to veker fram til 7. september.

Laurdag 1. september, Os sentrum: Bondens Dag og Oselvarfestivalen. Marknad og møte med dyr frå gardane i Os i Os sentrum, kapproing og bygging av småbåtar ved Oselvarnaustet.

– Bondens Dag og Oselvarfestivalen er så innhaldsrike arrangement at, slik eg ser det, burde dei hatt kvar sin dag. Her blir det opp til arrangørane å legga opp tilvandring mellom Kyrkjeflaten og Hamnevegen, så folk får med seg mest mogleg for begge.

Laurdag 8. september, Lyngheim: Visste du at det blei produsert 80.000 par tresko i året i Os? Eller at amerikanarar i 2018 reiser i store grupper til Os for å læra rosemåling i Os-stil? Nils Georg Brekke held foredrag og viser film om handverksbygda Os.

• Heile programmet med detaljar og meir informasjon finn du her (kystsogevekene.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.