Lokal | 14. mars 2016

Auke på begge skulane

Både Os vidaregåande og Os gymnas har fleire søkjarar i år enn i fjor.

Auke på begge skulane
Både Os gymnas og Os Vidaregåande skule opplever ei auke i søkertala (arkivfoto: KVB)
Andris Hamremandag 14. mars 2016 14:19

Søkjertala til dei vidaregåande skulane i Hordaland blei offentleggjort måndag.

Til dei to offentlege vidaregåande skulene i Os er det i år ei auke frå i fjor. Kanskje ikkje så rart sidan det er det store 2000-kullet som no skal ta steget over i vidaregåande opplæring.

614 elevar har søkt plass på Os vidaregåande skule. Ei auke på 74 elevar.

Os gymnas har i år 251 søkjarar, opp 6 frå i fjor.

Slåtthaug tek frå Os

Størst auke har Slåtthaug vidaregåande skule med 152 fleire enn i fjor.

– Vi har ingen god forklaring for kvifor Slåtthaug vgs har fått så stor auke i søknaden. Det ser ut til at skulen har gjort god jobb med rekruttering. Ser vi på dei som har søkt, så kjem alle frå nærområdet til skulen, pluss at det er nokre søkjarar frå Os, opplyser inntaksleiar Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune.

Omstillinga i oljebransjen gjer at søknadene til Bergen maritime vgs har gått betydeleg ned.

– Det er spesielt til utdanninga brønnteknikk vi har nedgang. I fjor søkte over 200 elevar til 30 plassar, mens det i år berre kom 22 søkjarar, seier Skavhellen i ei pressemelding.

Kongshaug Musikkgymnas er eit privat gymnas og ikkje med på oversikta frå fylkeskommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.