Kultur | 12. okt. 2015

Aurora blei overraska med EBBA-prisen

Aurora var i intervju med NRK då ho fekk veta at ho får pris av EU for sin internasjonale suksess.

Aurora blei overraska med EBBA-prisen
Aurora fekk i dag veta at ho får pris av EU for suksessen ho har hatt internasjonalt med debutplata. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. okt. 2015 07:52

Då Aurora Aksnes var i intervju med NRK Hordaland si morgonsending i dag fekk ho veta at ho er ein av årets vinnarar av EBBA-prisen.

– Det er veldig rart og fint. Eg føler meg heldig som blir trudd på, seier Aurora til NRK.

European Border Breakers Awards var eit initiativ frå Europakommisjonen i 2004. Europakommisjonen ønskte å stimulera grensekryssande sirkulasjon av popmusikk og markera det store musikalske mangfaldet i Europa.

EBBA heidrar ti nye artistar eller grupper i året. Blant tidlegare vinnarar er Adele og Katie Melua.

Artistane eller gruppene som er nominert til prisen er valt på grunnlag av fylgjande kriterium:

• Suksessen til det første internasjonalt utgjeve albumet i europeiske land utanom heimlandet.
• Artisten eller gruppa har fått spelt songen sin på ein av radiokanalane som er medlem av EBU.
• Suksessen til artisten eller gruppa på europeiske festivalar utanfor heimlandet.

Sidan 2009 har prisutdelinga funne stad i januar kvart år, under Eurosonic Noorderslag-festivalen i den nederlandske byen Groningen, presentert av BBC-programleiar og musikar Jools Holland. Vinnarane opptrer live under showet og tidlegare vinnarar blir invitert til å opptre igjen. Showet blir kringkasta av NET3.

Kjelde: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.