Kultur | 15. feb. 2015

Aurora leverte!

Video: Vare og vakre Aurora Aksnes trollbandt osingane med humor og sjarme.

Andris Hamresøndag 15. feb. 2015 08:46

Bildeserie:

Lys og effektane satte Aurora og publikum i stemning (foto: AH)
Lys og effektane satte Aurora og publikum i stemning (foto: AH)
Omlag 500 fekk med seg konserten med Aurora (foto: AH)
Omlag 500 fekk med seg konserten med Aurora (foto: AH)
1 av 2
Lys og effektane satte Aurora og publikum i stemning (foto: AH)
Omlag 500 fekk med seg konserten med Aurora (foto: AH)

Omlag 500 publikummarar fann vegen då Aurora Aksnes hadde si første heile konsert i Oseana laurdag kveld. Etter først å ha blitt heidra med kommunen sitt kulturstipend saman med Ariel Braathen, leverte ho så til dei grader varene.

– Det er vakkert, gjekk som ein gjenganger undervegs då den unge jenta frå Lysefjorden leverte frå scenen.

Humor og varme

At Aurora har tatt store steg frå første gong publikum blei kjend med ho er det liten tvil om.

Etter ein litt forsiktig start, der ho takkar publikum for at dei gadd komma å høyre på ho, så sjarmerar ho publikum i senk.

Ikkje berre leverar ho songane som perler på ei snor, men småsnakket mellom dei viser at jenta har god kontakt med publikum og humor i store monn.

– Det er tomater, eg har aldri spelt i ein heil time tidlegare, så eg måtte ha med niste, smilte ungjenta og viste fram ei skål med små tomater.

Like etter

– Å eg har så tomat smak i munnen, no angar eg, smilte ho lett.

Hitpotensiale på rad

I tillegg til dei kjende som Awakning og Runaway, fekk osingane møta noko av det nye materiellet til Aurora.

Her er det hitpotensiale på rekke og rad.

Tok av gjorde det då Aurora trøkte til med meir fart og rytmer enn vi kanskje er vant til i avslutninga med refrenget Fall my way. Den var berre enorm med trøkk og sprut.

At publikum likte det dei såg og høyrde er det liten tvil om.

Aurora er på veg ut i verden og det heile starta laurdag i Oseana.

Video (5:17): Sjå Aurora helse osingane og høyr gjennombrotshiten Awakning (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.