Aurora signerte med tysk forlag
Den talentfulle låtskrivaren og artisten, Aurora Aksnes, har signert publishingavtale med sukessrikt tysk forlag.

Music Norway - musikkbransjen sin eksportorganisasjon melder at den talentfulle osajenta Aurora Aksnes, i helga signerte publishingavtale med tyske Budde Music.
Budde Music er eit av dei mest suksessrike forlaga i Europa med alt frå Alphaville til internasjonale låtskrivarar og tekstforfattarar i katalogen.
- Vi er veldig stolte av å få moglegheiten til å jobba med denne eksepsjonelt talentfulle låtskrivaren.
– Vi gler oss til å sjå korleis Aurora vil overraska oss i nær framtid. Budde Music sitt mål er å hjelpa ho med å utvikla seg både som låtskrivar og artist, seier internasjonal A&R i Budde Music, Seth Hodder til nettstaden.
Har allereie starta samarbeidet
Sjølv om avtalen først blei signert i helga har Aksnes allereie jobba med forlaget.
– Under forhandlingane har Aurora allereie skrive fleire låtar saman med fleire av Budde sine folk i Berlin.
– Vi håpar å vera klare med band til by:larm 2014 og ei plate seinare på året, seier Geir Luedy i Made Management.
Rett til topps
Aurora Aksnes gjekk rett til topps på Urørt si liste på NRK då ei venninne lasta låta "Puppet" opp i desember i fjor.
– Eg hadde aldri turt å lasta opp låta sjølv, sa Aksnes til Midtsiden då.
No har ho altså tatt steget vidare ut i Europa.