Aurora svevar vidare
I dag kom Aurora ut med sitt andre album.

«Infections Of A Different Kind Step 1» er oppfølgjaren til «All My Demons Greeting Me As A Friend» som kom ut i 2016.
Allereie i april kom den første singelen, «Queendom».
«Sedvanlig storslått», skreiv NRK P3, «Dette er låten vi trenger nå», skreiv BT.
Denne låta vart kjapt A-lista på radio, og samstundes ein fast del av konsertane hennar.
Bergens Tidende sin anmeldar gjev det nye albumet 5 av 6 hjarte, og seier den nye plata er verda sett gjennom Aurora sin fantastiske, eventyrlege optikk.
«Infections Of A Different Kind Step 1» inneheld 8 låtar, med titlar som «Forgotten Love», «Gentle Eartquakes» og «Churchyard».
Det er ikkje sete opp konsertar i Noreg dei næraste månadene, men om du er lett på reisefoten kan du sjå eventyret frå Drange her:
10.10.18 Manchester Academy, Manchester, England
11.10.18 O2 Forum Kentish Town, London, England
17.10.18 TV Ronda, Utrecht, Nederland
19.10.18 E-Werk, Køln, Tyskland
20.10.18 Trix, Antverpen, Nederland
21.10.18 Docks, Hamburg, Tyskland
23.10.18 Huxley's Neue Welt, Berlin, Tyskland
24.10.18 Cafe Muffathalle, München, Tyskland
25.10.18 Den Atelier, Luxembourg
30.10.18 Cigale, Paris, Frankrike
12.01.19 Auditorium Parco Della Musica, Roma, Italia
15.01.19 Les Docks, Lausanne, Sveits
17.01.19 Forum Karlín, Praha, Tsjekkia
18.01.19 Palladium, Warszawa, Polen
19.01.19 Vega, København, Danmark
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.