Aurora syng i ny Disney-film
Fekk tittelsporet på nyinnspeling av «Dumbo».
I mars 2019 kjem ein ny versjon av Disney-klassikaren «Dumbo». Den internasjonale stjerneregissøren Tim Burton, kjent for filmar som «Edward Saksehånd», «Charlie og sjokoladefabrikken» og «Alice i eventyrland», står bak.
No er det klart at Aurora skal synga tittelsporet i filmen. Dette blir stadfesta av Kim Paulsen i Petroleum Records ovanfor NRK.
– Eg fekk veta, mens eg var på turné i Brasil, at eg måtte i studio og spela inn ein song som kanskje skulle brukast i ein film. Eg har alltid vore glad i vesle Dumbo, så det var veldig fint, skriv Aurora til NRK i ei tekstmelding.
Tidlegare Oscar-nominert
Songen, «Baby is mine», blei opprinneleg sunge av Betty Noyes i originalfilmen frå 1941. Den er skriven av Frank Churchill og Ned Washington, og låten blei nominert til Oscar i 1942.
I filmen er det Dumbo si mor som syng vuggesangen mens hun gyngar elefantbabyen sin i snabelen.
Låten er seinare framført av blant andre Bette Midler i filmane «Beaches» og «Venner for livet».
I Dumbo 2019 er det ikkje animasjon, men filmatisering av klassikaren. Blant skodespelarane i filmen er Eva Green, Colin Farrell, Michael Keaton og Danny DeVito.
Her er trailer av filmen:
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.