Kultur | 20. apr. 2015

Aurora toppar ITunes

I dag slapp Aurora tittelsporet på EP-en «Running with the Wolves» og gjekk rett til topps på den norske Itunes-lista.

Aurora toppar ITunes
Aurora Aksnes ligg på topp på Itunes si norske albumliste (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 20. apr. 2015 14:19

Måndag 4. mai slepp Aurora Aksnes debut EP-en med fire songar. Som ein smakebit på kva som ventar lot ho fansen allereie i dag få tittelsporet «Running with the Wolves». Låta kan ein lasta ned frå Itunes, Google Play og Spotify.

På Itunes kan ein òg kan førehandsbestilla heile EP-en. Og det gjer folk.

Aurora har gått rett til topps på den norske Itunes-lista framfor artistar som Susanne Sundfør, Mark Knopfler, Jonas Fjeld og Morten Abel.

Låta ligg òg tilgjengeleg på YouTube.

Ta ein kopp te

Sjølv tilrår Aurora på facebook-sida si at du tek av deg skoa og koser deg med ein kopp te medan du lyttar til låta.

– Du kan til og med dela den med kjæledyret ditt eller naboen. Det ville eg ha gjort, skriv ho vidare.

Dei andre låtene på EP-en er «Runaway», «In boxes» og «Little boy in the grass».

Vil du høyra meir frå Aurora anbefaler vi eit gjenhøyr med konserten ho heldt i Oseana tidlegare i vinter. Her får du låta ho braut gjennom med «Awakning».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.