Aurora vann den gjevaste P3-prisen - fekk helsing frå Billie Eilish
Prisutdelarane reiste frå Fornebu for å avbryta Aurora sin konsert på Sentrum Scene med pris og helsing.
Laurdag var store delar av Musikk-Norge samla i H3 Arena på Fornebu for å feira den norske musikken som blei gitt ut i 2022 med den direktesendte prisutdelinga «P3 Gull».
Samtidig hadde Aurora konsert på Sentum Scene.
Aurora har tidlegare fått P3 Gull-pris for årets nykomar i 2014 og årets artist i 2021.
Denne gong hadde juryen bestemt seg for å tildela heidersutmerkinga «P3-prisen» til Aurora.
Prisutdelarane Arian Engebø og Nate Kahungu tok turen 10 kilometer inn til Sentrum Scene og avbraut Aurora midt i konserten.
- Sjå bilde av reaksjonen til Aurora på p3.no
Motiverte Eilish i 2015
Med seg hadde dei også ei helsing frå den amerikanske stjerna Billie Eilish.
– Gratulerer med «P3-prisen»! For å være ærlig, første gangen jeg fikk lyst til å gjøre noe av dette her, var da jeg så musikkvideoen til «Runaway». Det var fordi du fikk det til å se fantastisk ut, sa Eilish i videohelsinga.
Fem år yngre Billie Eilish kom med debutsingelen sin i 2015, same år som Aurora ga ut sin fjerde singel, «Runaway».
Til Australia neste år
Aurora har også vunne ei lang rekke andre prisar, frå Spellemannprisen i 2016, 2017, 2018, 2020 og 2021 til Golden Globe, Academy Awards, MTV Europe Music Awards, Youtube Creator Awards og GAFFA-prisen.
Ho ga i år ut sitt tredje album, «The Gods We Can Touch», har turnert mykje og har onlinekonsert på Sky Game 8. desember som årets siste annonserte konsert.
I mars skal ho til New Zealand og Australia.
Sist ho spelte i Os var under støttekonserten for Ukraina i Os kyrkje i mars i år.
Under P3 Gull i går fekk Karpe pris for både prets artist og årets låt for «Paf.no», «årets gjennombrudd» gikk til Jonas Benyoub.