Kultur | 19. jan. 2014

Av vegen – ut i sanddynene

VIDEO: Skal du til Brasil for å sjå fotball-VM? Ta deg ein fridag i sanddynene med buggy!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. jan. 2014 20:43

Bildeserie:

Natal i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Natal i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arena das dunas ligg nesten midt i byen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arena das dunas ligg nesten midt i byen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Første stopp: Natal Aquarium. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Første stopp: Natal Aquarium. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Forbi eit landemerke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Forbi eit landemerke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Over elva med ferje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Over elva med ferje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klar for sug i magen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Klar for sug i magen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bruno i blått, saman med dei tre andre sjåførane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bruno i blått, saman med dei tre andre sjåførane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Høgdepunktet. På ein restaurant som neppe har eit namn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Høgdepunktet. På ein restaurant som neppe har eit namn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Fredag 13. juni startar fotball-VM for 20. gong. Brasil, som både er mestvinnande (5 VM-titlar) og einaste nasjon som har kvalifisert seg til alle VM, er vertsnasjon for andre gong.

VM går av stabelen på 12 arenaer, ein av dei er Arena das Dunas i olje- og feriebyen Natal. Opningsdagen kan du sjå Mexico - Kamerun, seinare kan du sjå USA - Ghana (16/6), Japan - Hellas (19/6) og Italia - Uruguay (24/6) på den arenaen som har vore under bygging sidan 2011.

Natal er hovudstaden i delstaten Rio Grande do Norte og senter for oljeindustrien i den nest mest oljeproduserande delstaten i Brasil. Men turisme er også ei viktig næring for Natal, både brasilianarar, nordmenn og andre reiser til delstaten med det stabile varme og tørre klimaet, og dei endelause strendene.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Tar du turen til Natal kan vi anbefala deg ein tur du ikkje får så mange andre stadar, ein heil dag i buggy-bil med actionkjøring i sanddynene og på strendene, med smaksrike pitstop og underhaldande aktivitetar. Med på kjøpet får du sett spennande delar av områda rundt byen.

– Verdas beste jobb

Midtsiden var i Natal i jula, og om morgonen tredje juledag sto det fire buggybilar og venta på oss utanfor anlegget vi budde på.

Turen gjekk på bilvegen nord mot byen Natal, forbi den kjente Ponta Negra-stranda, forbi dei eksklusive hotella på strendene på utsida av den store byparken Cemitério de Nova Descoberta, forbi dei høge, flotte hotella som skjermar favelaen i fjellsidene bak, og over den store nye brua som, eit stykke ut i byggeperioden blei utvida og løfta over pælene på den første brua som var under bygging.

– Vil du besøka ein serie fine landsbyar, ha ein koseleg tur med snorkling og padla innover i mangrovene, så kjører du sørover, til Pipa og vidare. Vil du ha action så kjører du nordover, seier sjåføren vår, Bruno America.

Både han og broren lever av å kjøra buggy. Under VM ser dei for seg ekstra travle dagar, både med generell transport og med turar rundt byen, til idylliske landsbyar eller i sanddynene.

– Eg har verdas beste jobb, seier 39-åringen.

Utan dødtid

Å kjøra villmann i sanddynene ein heil dag kan høyrast ut som i overkant mykje sol og sand og i overkant lite drikking og bading. Men sånn er det ikkje.

Vårt første stopp var rett over brua, på Natal Aquarium, som var større og finare enn vi hadde sett for oss i denne fattige bydelen. Her fekk vi sjå havskilpadder, apekattar, kaimanar og klappa haiar før turen heldt fram opp i sanddynene ei stund.

Neste stopp var ved eit typisk buggy-stopp, der du kunne ri på dromedarar eller stå på sandboard, som snowboard, men i sand. Vi valte det siste. Så var det kjøring på stranda, ein spesiell ferjetur over ei elv, ny tur i dynene, helsa på iguana og apekatt, og så - bråstopp.

Ut av bilane. Ned i bekken. Vi møtast etterpå.

Vi småjogga ned ei skråning, vassa i ein bekk eit par hundre meter og der; midt i "jungelen" var det rigga opp to provisoriske restaurantar i ein lite oase. 15 kroner for capa fruta, 15 kroner for grillspyd med hummar. Nydeleg!

Ny tur i dynene, opp til eit aktivitetssenter ved ein innsjø. Naturlegvis også her med sal av mat, drikke og is. Og tilbud om turar med taubane eller i rutsjebane. Alt til greie prisar og utan kjøpepress.

Så var det ut i sanddynene igjen. Rolege strekk, og plutseleg utfor ein kant. Damene hylte, gubbane lo. Ut på stranda, ned til ein ny restaurant. Og så opp til ein lagune med leikesenter for ungar, ute i vatnet.

Klokka blei fort 18. Dagen blei opplevelsesrik og veldig variert. Prisane i Brasil er låge, men du må ut med rundt 1500 kroner for ein dag i buggy, per bil.

VM eller ikkje, skal du til Natal, ta deg ein heil dag i buggy, det er minst like kjekt som det høyrest ut!

VIDEO: Her ser du dygt tre minutt av turen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.