Avdekka ulovleg hummarfiske utanfor Drange

– Enkelte har stengt fluktopningane med strips, fortel inspektør Knut Morten Bauge.

Knut Morten Bauge med beslaget han no skal levera til politiet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. aug. 2017 10:35

Bildeserie:

No blir beslaget levert til Os lensmannskontor, som følgjer opp sakene. (Foto: KVB)
MS Royal Wiking har vore på tokt utanfor Drange. (Foto: KVB)
Denne teina er tydeleg sett for å ta hummar. (Foto: KVB)
Denne er berre lov å bruka i hummartida. (Foto: KVB)
Vil du fiska krabbe skal den ytste opninga vekk. (Foto: KVB)
No blir beslaget levert til Os lensmannskontor, som følgjer opp sakene. (Foto: KVB)
MS Royal Wiking har vore på tokt utanfor Drange. (Foto: KVB)
1 av 5
MS Royal Wiking har vore på tokt utanfor Drange. (Foto: KVB)
Denne teina er tydeleg sett for å ta hummar. (Foto: KVB)
Denne er berre lov å bruka i hummartida. (Foto: KVB)
Vil du fiska krabbe skal den ytste opninga vekk. (Foto: KVB)
No blir beslaget levert til Os lensmannskontor, som følgjer opp sakene. (Foto: KVB)

Torsdag morgon ligg sjøtenesten til Fiskeridirektoratet sin MS «Royal Wiking» til kai i Os, med fleire beslag om bord.

– Eg held på å skriva rapport no, så skal teinene leverast til politiet, seier inspektør Knut Morten Bauge.

• Les òg: Leverte 17 teiner til politiet (oktober 2016)

I denne omgangen blei det tatt beslag i fire teiner utanfor Drange.

Funnen etter tips

Bauge fortel at søket utanfor Drange blei utført etter tips frå innringar til Fiskeridirektoratet sin døgnopne tipstelefon.

– Mange av tipsa vi får inn er frå folk som ønskjer å vera anonyme, men det er òg stort sett gode og detaljerte tips vi får inn.

Denne gong hadde innringar fortald at teinene sto på typiske hummarplassar, at nokre ikkje var merkte og at nokre av teinene hadde namnet til ein person som er død.

– Vi fann ikkje desse som sto med feil namn, men vi fann teiner som var både merkte og umerkte.

Med liten eller ingen fluktopning

I beslaget ligg ei teine i tre, heilt utan fluktopning, ei teine der fluktopninga er sperra igjen og to teiner med for liten fluktopning.

– Mange teiner som blir selt er sokalla «kombinasjonsteiner». Dei har ein liten fluktopning som, utanom hummartida, må fjernast til fordel for den som ligg bak, som er større.

Opninga skal ha diameter på minst 80 mm. I hummersesongen kan den vera 60 mm, men resten av sesongen skal den vera 80 mm.

– Viss ikkje du bruker den store fluktopninga så er teina ei hummarteine og ikkje lov å bruka bortsett frå mellom 1. oktober og 30. november.

• Les meir om reglane på fiskeridir.no

– Var det fangst i nokre av teinene?

– Ja, det var krabbe i alle, men ikkje hummar.

– Ei plikt å læra seg reglane

– Fiskarane pliktar å setja seg inn i reglane. På same måte som du ikkje ville ha køyrd til Austlandet med ei rifle for å gå på elgjakt, utan å setja deg inn i reglar, kan du ikkje berre ta med deg fangsreiskap på sjøen i god tru.

– Nokre teiner var dessutan tydeleg egna med gamal fisk, agn som den kresne krabben ikkje liker, men som lokkar hummar til seg.

Etter den store aksjonen rundt Sotra i helga, der det blei tatt beslag i over 200 teiner (BT.no), og no desse fire på eit kort tokt på Drange, er Bauge skuffa over haldningane mange viser.

– Reglane er der for å driva fornuftig forvalting av naturressursane, og dei er like for alle. Eg synest det er skremmande å sjå kor mange som ikkje bryr seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.