Kultur | 20. juni 2014

Avduking til minne om Bernt

Laurdag kveld blir eit «hugsemerke» avduka, til minne om multikunstnaren Bernt Kristiansen.

Avduking til minne om Bernt
Georg Jørgensen og Terje Søviknes på brygga der skulpturen skal stå. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. juni 2014 13:14

Os Kulturutvikling har tatt initiativ til å få ein skulptur til ære for og minne om osingen Bernt Kristiansen, som gjekk bort hausten 2008.

– Bernt kunne alt. Han var musikalsk, kunstnerisk og – ikkje minst – han førte ein veldig god penn, seier Georg Jørgensen frå Os Kulturutvikling.

Jørgensen sat i styret i kulturutvikinga saman med Bernt, og dei to var også gode venar privat.

– Mange av oss eldre kjenner kva han stod for og kor mykje han betydde for kulturlivet i Os, men vi synest at hans innsats for Os fortener eit merke, eg har kalla det eit «hugsemerke».

Kommunen kjøpte skulptur

Os kommune har kjøpt ein skulptur laga av Julia Vance under skulptursymposiet i Os i 2013.

Denne skal plasserast på brygga utanfor Os Sjøfront og avdukast laurdag kveld.

– Bernt'n var ein fantastisk nestor i kulturlivet i Os, ofte litt i bakgrunnen som koordinator, men alltid kreativ og engasjert, seier ordførar Terje Søviknes.

– Eg synest det er flott at vi i Os kommune kan heidra Bernt sitt minne på denne måten.

«Du er åleine, menneskje, om lukka di»

Avdukinga skjer klokka 19.45 laurdag kveld, innanfor området der det i morgon er bryggefest med billettsal.

– Men vi i Os Kulturutvikling deler ut gratisbillettar for dei som berre vil inn og sjå avdukinga frå 19.45 til klokka 20, seier Georg.

Skulpturen er abstrakt, men med eit lite stykke tekst.

– Vi har tatt med tittelen på ein av dei finaste songane han har skrive; «Du er åleine, menneskje, om lukka di», fortel Arne Mæland frå Os Kulturutvikling.

Selma Fosså Bunæs skal framføra låta under avdukinga. Med seg har ho Torbjørn Sandmo (gitar) og Jone Kuven (bass).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.