Avgjerande avgjerder
NÆRINGSNYTT VEKE 2: Eitt val er utsett, andre er tatt. Avgjerder kan få store konsekvensar, for organisasjonen sjølv, lokalsamfunn eller enkeltpersonar.


Velkomen til nyheitsbrevet vårt, Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du også vil vere blant dei hundrevis som får nyheitsbreva våre rett i eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på desse her.
Val må bli tatt i alle organisasjonar, anten det er snakk om frivillige lag, kommunedrift, små firma, eller store konsern.
Utsett, men ikkje avklart
På måndag var det venta ei viktig avgjerd i Søre Øyane. Generalforsamlinga i Øinæs grunneigarlag skulle ta stilling til sal av tomt og bygg for nytt butikkprosjekt. No er møtet utsett til 19. januar.
– Årsaka er at vi venta på nokre juridiske avklaringar, seier styremedlem i grunneigarlaget, Erik Vågen.
Fram til dess kan det hende medlemmane får ei alternativ løysing å ta stilling til. Ein ny interessent har meldt seg.
– Det kom overraskande på. Dei ville kome og sjå på dagens bygg, og det har dei fått lov til.
Mistillit eller nødvendig opprydding?
Økonomiske val kan handle om meir enn tal – også faktorar som retning og tillit kan vere i spel.
For Lysekloster IL kan det gå mot eit ekstraordinært årsmøte. Thomas Omdal krev at medlemmane får ta stilling til styret si handtering av økonomien etter uro, private lån og manglande innsyn.
Styret avviser kritikken og meiner det ikkje er grunnlag for mistillit, medan Omdal seier det er no, med vekst i nærområdet, det er viktig å legge til rette for å kunne fostre framtidige spelarar.
Bygger vidare – trass funn i grunn
I Os sentrum er det også tatt avgjerder. Sjølv om Bjørnafjorden kommune ikkje meinte det var naudsynt, tok entreprenør prøver av grunnen i Baronsgården. Det viste seg å vere lurt.
Under arbeidet på tomta er det funnen forureina massar. Tiltak må settast inn, men utbyggar, BONO Bolig, fortel at framdriftsplanen står seg.
Ei tung avgjerd – og eit farvel
I Lysefjorden har Dorthe Reimer Haga tatt ei avgjerd som sit djupt. Etter 15 år sel ho Trivselsstallen – ei verksemd som for mange barn, unge og familiar har vore langt meir enn ein rideskule.
Helse og livssituasjon har tvunge fram valet, men Haga håpar sterkt at nokon vil føre vidare både tilbodet og verdiane.
– Dette har vore livet mitt, seier ho.
No ligg alt til rette for at ein ny draum kan ta form – for ein ny eigar.
Fråtatt jobben
Kommunen har også konkludert. Ein sjukeheimslege er sagt opp i ei personalsak knytt til disiplinære forhold. Saka har vekt merksemd – både på grunn av alvor, tidlegare bekymringsmeldingar og støtte frå kollegaer.
Legen jobbar ikkje lenger i kommunen.
Dei som satsar vidare
Medan andre står i krevjande vegskilje, held Sport Outlet fram veksten – i Os, i Norge og no også i utlandet. Konsernet leverer rekordtal, skal i gang med å teste eigne produkt i nytt laboratorium, og har opna butikkar i Polen.
– Eitt steg av gongen, seier gründer Tor-André Skeie om korleis dei jobbar.
Framdrifta er resultatet av mange val – tatt over tid.
Vi i Midtsiden gjer vårt beste for å følge dei lokale avgjerdene for deg – dei som blir tatt, dei som blir utsette, og dei som formar lokalsamfunnet vidare.
På gjenles!
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist











