Lokal | 28. aug. 2011

Avla på Moberg, servert i Brugata

Erlend Moberg satsar på storferasen limousin og kortreist mat. Det passa Kafé Engeline bra.

Avla på Moberg, servert i Brugata
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. aug. 2011 06:55

Då Erlend Moberg i mars 2010 overtok foreldra sin gard på Moberg kutta han ut mjølkeproduksjon til fordel for auka satsing på kjøttproduksjon.

– Sidan eg jobbar ved sidan av gardsdrifta blei det ikkje tid til å produsera mjølk, fortel Erlend.

– Og sidan eg ville satsa litt på kjøtt så investerte eg i nokre eksemplar av limousin.

14 av dei 25 årskyra han no har er av den fine franske rasen.

– Dei kalvar lett og kalvane veks seg fort store og slakteklare. Kjøttet er møyrt, saftig og magert.

Butikk heime på garden

Med gode kjøtt-kyr på plass tok Erlend kontakt med Voss Gardsslakteri. Familiebedrifta er kjent for å gjera godt handarbeid, og nyleg fekk Erkend inn første prøveslakt.

– Eg har kjøl på garden og sel til både privatpersonar, butikkar og restaurantar, det er nesten ikkje kjøtt igjen frå første slakt, fortel han.

– Kor mykje kjøtt får du frå eitt dyr?

– Ein ungokse blir det gjerne 200 kilo kjøtt frå. Av desse er det 4-5 kilo indrefilet, litt meit ytrefilet og ganske mykje rundsteik. I tillegg blir det rundt 100 kilo god og mager karbonadedeig.

Debut på Engeline

Blant dei første kundane er Kafé Engeline, som opna på Osøyro i vår.

– Vi har frå starten av hatt som mål å få inn råvarer frå lokale småskalaprodusentar, og Erlend var i oss allereie før opning, fortel Borghild Strønen.

– No har vi fått kjøttet i hus og har det klart til servering i det som er vår første dag med sundagsopen kafé.

Fleire søndagar - fleire lokalvarer

Engeline har førebels ikkje plan om å halda ope kvar søndag, men éin søndag i månaden, i alle fall i starten.

– Utanom steik og biff vil vi handla kvardagsmat på Moberg, karbonadedeig for eksempel.

Borghild og søstera Dagrun Fjellbakk har også fått andre småskala-varer i kafeen.

– Vi har fått ein eigen vegg med blant anna eplemost og eplsecider, hermetiske pærer og moreller, tørka eple, «viking-kvitløken» ramsløk, chutney, ripsgelé, eple-te og kjeks.

– Nokre varer blir råvarer i kafeen, nokre blir for laussal og nokre blir begge delar, fortel Borghild.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.