Lokal | 31. des. 2012

Avliva etter påkjørsel

Bil kolliderte meg hegre ved Best-stasjonen i dag.

Avliva etter påkjørsel
Ein av hegrane som ofte er på fiske i Os sentrum, her ved Baronselva. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 31. des. 2012 16:04

Måndag i 15.30-tida fekk politiet melding om samanstøyt mellom hegre og bil på Byvegen.

– Hegren hadde flydd inn under bilen. Kvinna som kjørte klarte ikkje å stoppa, fortel viltkontakt Espen Andersen.

Verken bil eller den kvinnelege føraren blei skadd i samastøyten.

Hegren overlevde også, men blei skadd, noko som gjorde at Andersen blei kontakta.

– Eg har nettopp avliva den. Den sat på graset over lyskrysset ved Best opp mot barneskulen og kunne verken fly eller gå, fortel Andersen.

Ein eller fleire hegrar er ofte nedom bekken som renn under Byvegen for å fanga fisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.