Lokal | 13. jan. 2015

Avliva posemat-myter

– Er det så gale med tørka mat? spurte ernæringsfysiolog Åsta Otteren Ellingsen.

Avliva posemat-myter
Foredragshaldar Åsta Otteren Ellingsen oppklarar myter om posemat for Os Senioruniversitet. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandtirsdag 13. jan. 2015 09:49

Måndag starta Senioruniversitetet vårsemesteret sitt med foredraget " Påstander og myter om posemat – er det næring i disse matvarene?".

Vargasalen i Oseana var fyllt opp av rundt 110 publikummarar, noko leiar i Os Senioruniversitet, Olav Søfteland er fornøyd med.

– Det er bra oppmøte, litt over gjennomsnittet.

Som foredragshaldar hadde dei fått med seg Åsta Otteren Ellingsen som var den første som gjekk ut med tittelen ernæringsfysiolog frå Universitetet i Oslo. Ellingsen har vore tilsett i Rieber & sønn (no Orkla Foods) i fleire år til ho i 2012 gjekk av som fagsjef i ernæring.

– Frustrerande å veta sanninga

– Foredraget er basert på ei undersøking Rieber & sønn gjorde i 2010 der dei spurde befolkinga kva dei trudde posemat inneheldt, fortel Ellingsen.

Vidare forklarte Ellingsen at svaret på undersøkinga viste at mange trudde på mytene og påstandane om at posemat inneheldt blant anna lite næringstoff, mykje salt, tilsettingsstoffar og konserveringsmiddel.

– Det var frustrerande for meg å vita kva som var sanninga og sjå alle dei uriktige beskyldingane om kva som var bra og ikkje.

– Produkta mister ikkje noko særleg næringstoff fordi dei blir tørka og putta saman i ein pose.

– Naturen har nytta seg av tørking lenge før oss, forklarar ho og viser til frø, korn og nøtter.

E- for Europa

Mange uroar seg for alle dei ulike tilsettingsstoffa i matvarer og er redd nokre kan vera farlege.

– E står for Europa og er ein nummerering laga for Europa.

– Det einaste felles for E-stoff er nemninga E, dei er veldig ulike og flesteparten er naturlege.

Tilsettingstoff som skjular seg bak E-merket kan vera sukkerkulør, betakaroten og paprikaekstrakt.

– Det fins nokre få stoffer som ikkje er naturlege, men desse er det restriksjonar på.

– Vi vil alle ete plommer

Når det kjem til saltinnhald fortel Ellingsen at det tidlegare har vore eit problem, og det kunne vera mykje salt i enkelte varer.

– Toro byrja å redusera saltnivået allereie på tidleg 70-tal, og for å ta betasuppa deira som eksempel så har den gått ned 0,5 gram i saltinnhald og ligg no under kravet.

Ellingsen understrekar at ho vil alltid anbefale fersk mat, men seier at ein må sjå litt lengre enn det.

– Vi vil alle ete plommer i Hardanger, men det kan vi berre gjere i 14 dagar, så då får vi ete svisker resten av tida.

Blei overraska

Ein av publikummarane Kjersti Ødemark syntes foredraget til Ellingsen var veldig bra.

– Myten om salt overraska meg positivt, for den har eg trudd var sann, seier ho.

Ødemark liker foredragene til Senioruniversitetet som ho meiner er informative og veldig kjekke.

– Og så gjer dei det sånn at "kvarmansen" forstår kva dei snakkar om.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.